Moserparet blir Årets Peer Gynt
Stortingsrepresentantar har stemt fram Nobelprisvinnarane May Britt og Edvard Moser som Årets Peer Gynt 2015.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei er Årets Peer Gynt
– Me er stolte over at det er representantar for vitskapen som blir løfta fram som noko som har markert seg på samfunnsnyttig plan. Det er ei flott markering av grunnforskinga sin plass i samfunnet, seier ekteparet Moser ifølgje lokalavisa Vikebladet.
Peer Gynt-prisen vert årleg delt ut til personar eller institusjonar som har markert seg på ein positiv og gjort Noreg kjent i utlandet.
LES OGSÅ: Det femte nobel-ekteparet
Passande Peer
NTNU-professorane Moser fekk mykje merksemd då dei i fjor vart tildelt Nobelprisen i medisin for si banebrytande forsking på gitterceller, som er ein viktig del av hjernens navigasjonssystem.
Paret er internasjonalt anerkjent både for framifrå forsking og for å vere hyggelege menneske og gode rollemodellar, heiter det i ei pressemelding.
Forskarparet frå Sunnmøre er glade for å verte sett på som gode ambassadørar for Noreg.
– Det er ærefullt å få Peer Gyntprisen. Og me tykkjer det passar ekstra godt, sidan me har like store draumar og visjonar som Peer Gynt hadde. Men me håpar det er tydeleg at me er hakket meir jordnær og realistiske. Peer Gynt er eit førebilete for det å tenkje stort, og vitskapen har ein fantastisk metodikk for å kunne handsame draumar, trong til å vere nyfiken og utforsking på ein fornuftig måte. Me treng både visjonar, lidenskap og fornuft for å utvikla samfunnet, meiner Moser-paret.
Prisen vert delt ut av stortingsrepresentant Marit Arnstad (Sp) den 7. august under Peer Gynt-stemnet ved Gålåvatnet på Vinstra i Nord-Gudbrandsdalen.