Påverkar klaga inn til Forbrukartilsynet for onlinecoaching
Klagar meiner Elias Omberg «påstår han har kompetanse på lik linje med psykolog og helsepersonell». Det er heilt feil, svarar påverkaren, som tilbyr samtalar via nett.
– Mitt tilbod for samtale er ikkje terapi. Det har eg heller aldri sagt. På nettsida mi står det heilt tydeleg at eg er i utdanning, og eg har klare retningslinjer for kva eg kan snakke om og ikkje, seier Elias Omberg på telefon til Framtida.no.
Manageren Thomas Kvamme er òg med i intervjuet, som vart gjennomført i slutten av 2025.
På nettsida til Omberg beskriv han seg sjølv som psykologistudent, foredragshaldar, influensar og samfunnsdebattant.
Han lagar videoinnhald til TikTok og Instagram, og er finalist i Vixen Awards for årets sterke meining.
Se dette innlegget på Instagram
Avviser kritikk
Framtida har fått innsyn i ein klage til Forbrukartilsynet, kor innsendaren hevdar at Omberg spreier desinformasjon om psykisk helse og behandling av psykiske lidingar. Innsendaren meiner òg at Omberg «påstår han har kompetanse på lik linje med psykolog og helsepersonell».
Den kritikken avviser Omberg sterkt. Han har òg svart på liknande kritikk tidlegare.
– Dette er ei mistyding. Eg har aldri kalla meg sjølv psykolog, seier han til Framtida.no på telefon.
Omberg er tydeleg på at han kallar seg sjølv ein samtalepartnar, og ikkje psykolog.
– Dei som bookar time, gjer det fordi dei likar retorikken min eller føler det appellerer, og ønskjer difor mine perspektiv på kva enn dei måtte sitje med.
Omberg kallar skuldingane ureielege.
– Eg går tre rundar med sensur, og eg har ein høgskulelærar og andre psykologar som hjelper meg. Dette skal ikkje vere feil, og alt er evidensbasert, hevdar han.
Framtida.no har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Oslo Nye Høyskole om kva rettleiing Omberg har fått.
Ikkje profesjonsstudent
På nettsida til Omberg står det når Framtida.no undersøker saka: «jeg er midt i psykologistudiet, hvilket betyr at jeg ikke er klinisk psykolog ennå. Det betyr at jeg ikke kan sette diagnoser, og jeg er ikke ferdig utdannet». Denne formuleringa er no fjerna.
Omberg tek ein bachelor i psykologi ved Oslo Nye Høyskole, og har studert der sidan hausten 2024.
– Derfrå kan eg anten ta ein mastergrad i utlandet for å bli klinisk psykolog, eller ta doktorgrad her i Noreg, fortel han.
Før samtalen med Framtida.no stod det på nettsida til Omberg at han studerte ved Høyskolen i Oslo. Dette er no retta.
– Er det ikkje misvisande å skrive at du ikkje ennå er psykolog, når du for tida tek ein bachelor, og ikkje går på eit profesjonsstudium?
– Det er heilt vanleg å fyrst gå i Noreg, og så studere i utlandet. Du kan samanlikne det med å stryke på profesjonsstudiet, sjølv om du stryk er du framleis på veg til å bli psykolog, seier Omberg.
– Dette er å hengje seg opp i små detaljar. Kanskje det kunne vore tydelegare, men poenget her er absolutt ikkje å villeie, seier manager Kvamme.
Se dette innlegget på Instagram
Forbrukarrådet: – Marknadsføringsloven gjeld òg for denne bransjen
Forbrukartilsynet seier dei ser at onlinecoaching er eit veksande fenomen, saman med anna digital marknadsføring.
– Marknadsføringsloven gjeld òg for denne bransjen, og loven har òg eit forbod mot villeiande marknadsforhold, seier dei.
– Det er ikkje tillate å gi uriktige opplysningar i marknadsføringa eller på anna måte villeie forbrukarane, til dømes når det gjeld fordelar eller resultat som kan forventast ved å nytte tenesta, seier Forbrukartilsynet.
I klaga meiner innsendaren at Omberg villeiar og reklamerer for tilbodet.
– Dette er feil. Eg har til no hatt kanskje 15 samtaler, og eg marknadsfører dei ikkje. Eg har annonsert det i éin instagrampost, og det er det, seier Omberg.
Omberg understrekar igjen at han ikkje driv med terapi.
– Dei fleste som har ringt inn er høgskuleelevar som vil ha hjelp med prokrastinering. Det er som ei samtale mellom to studiekompisar.
– Ikkje for å tene pengar
Prisen på ein 60 minutt lang check-in-samtale med Elias Omberg er 995 kroner. Du kan òg kjøpe pakkar på 5, 10 eller 15 timar for 3995 kroner, 7995 kroner eller 11 995 kroner.
Han tilbyr òg eigne samtaletimar for dei under 18 år for 499 kroner.
Omberg kallar dette eit tilbod for å gje tilbake til sjåarane.
– Dette gjer eg ikkje for å tene pengar. Og om eg ikkje gjer det, kvifor sette ein pris? Jo det er for å skilje dei som er seriøse, frå dei som berre vil kaste bort tida mi. Dette kostar meg meir enn eg tener, seier Omberg.
Omberg seier 30 prosent av pengane går til manageren, og 25 prosent går til meirverdiavgift.
– Elias kan tene meir pengar andre stader, pengane hans ligg ikkje her. Så dette kjem av å ville gi tilbake til sjåarane, seier manager Kvamme.






