Han ville byggje hytte i kraftmasta
...men no er masta riven. – Eg er trist og lei meg, kommenterer Inge Kolås.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Møre-Nytt.
Inge Kolås har hatt et natt med lite søvn etter at han fekk melding om at kraftmasta i Follestaddalen, som han ønskte å utvikle til klatreveg med ei hytte på toppen, no er riven. Dette vart gjort tysdag i samband med saneringa av den gamle kraftlinja.
At kommunen melde frå om at dei skulle sende brev til NVE/Statnett om at masta måtte verte ståande då Kolås har hatt gåande eit reguleringsarbeid for masta, var til inga hjelp. For noko brev har aldri nådd fram til entreprenøren Hallingmast.
– Og det beklagar vi, seier Knut Magne Rukke i Hallingmast.
Inge Kolås synest også saka fekk ei beklageleg avslutning.
LES OGSÅ: Herifrå kjem mest vindkraft
Bedrøva kar
– Eg bebreidar meg sjølv for at eg ikkje fotfølgde saka. Lærdommen må vere at dersom ein har ein god ide, ja, så stol i alle fall ikkje på at andre hjelper til slik at brikkane kan falle på plass, seier Kolås som karakteriserer seg som ein "bedrøva kar framma Follestaddalen".