Nye klimagjennomslag etter budsjettsemje: – Eit viktig steg i rett retning
Planane for gruvedrift på havbotnen er lagt på is, og ein ny kommisjon skal lage ein strategi for sluttfasen for norsk olje og gass.
– Dette budsjettet er eit viktig steg i rett retning, seier Henriette Sjursen-Eriksen, den nye leiaren i Grøn Ungdom, på telefon til Framtida.no.
I natt vart moderpartiet MDG, saman med SV, samde om eit statsbudsjett med Arbeidarpartiregjeringa, Senterpartiet og Raudt. Det nye forslaget inkluderer fleire sigrar for klima- og miljørørsla som ikkje var til stades i budsjettet Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt var samde om laurdag.
– Spesielt gruvedrift på havbotnen og omstillingskommisjonen er utruleg viktig, seier Sjursen-Eriksen.
Raudt hadde allereie sikra stopp i gruvedrift på havbotnen i heile stortingsperioden i budsjettforhandlingane med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som vart fullførte i helga.
No har òg SV og MDG slutta seg til budsjettforslaget.
Nærmare sluttfase for olja
Regjeringa skal opprette ein omstillingskommisjon som skal leggje ein strategi for korleis det skal sjå ut når Noreg ikkje skal vinne ut meir olje og gass.

Audun Hammer Hovda er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: Åshild Slåen
Sosialistisk Ungdom er glade for å vere nærare ein sluttfase for den norske olja.
– Omstillingsplanen for oljeindustrien er noko vi har vore opptekne av lenge, og er noko av det vi er mest nøgde med har kome inn sidan laurdag, seier SU-leiar Audun Hammer Hovda på telefon til Framtida.
Det er Sjursen-Eriksen samd i, samstundes som ho er tydeleg på at miljøkampen ikkje er over.
– Arbeidet med å omstille Noreg er ikkje i mål. Som GU-leiar kjem eg til å halde fram å arbeide så vi skal kome endå lenger i klimapolitikken og få avvikla norsk olje til slutt.
Gruvedrift på havbotnen blir lagt på is
Det har vore omdiskutert om Noreg burde opne for å vinne ut mineral frå havbotnen. Regjeringa sine planar vart lagde på is i desember i fjor. I år ville Arbeidarpartiet på nytt å opne for det, trass i miljørørsla sine åtvaringar.

Thea Birgitte Erfjord er leiar i organisasjonen Spire. Foto: Spire
I helga vart det klart at forslaget blir lagt på is ut regjeringsperioden, noko Thea Birgitte Erfjord, leiar i Spire, er glad for.
– Det er ein historisk siger for livet på djuphavet, skriv ho på melding til Framtida.no.
– No blir neste steg å sikre eit permanent forbod mot gruvedrift på havbotnen.
Ho er glad for innsatsen til partia.
– Medan Arbeidarpartiet tviheld på fossilalderen, viser MDG og SV at klimakrisa krev handling. Vi kjem til å jobbe beinhardt for at oljekommisjonen bidreg til ei reell og rettferdig utfasing av norsk olje og gass.






