Bygda
På bygda er folka så få at utsikta til menneskenaturen blir betre, både til det gode og det vonde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommentaren var først på Harvest.
Du veit du bur på bygda, når eigaren av bensinstasjonen berre går ut butikkdøra med deg, opnar panseret og skrur i lyspæra han nettopp har funne fram til deg. Og du veit det iallefall når du på veg heimover med lyset i skjønnaste orden, kjem på at betalinga heilt forsvann i den gode drøsen.
LES OGSÅ: Vil skapa meir demokrati i bygda di
Eg posta nyleg episoden på Twitter og fekk fort tilbake svar frå bynære strøk der folk var sikre på at sånt kunne ha skjedd på deira bensinstasjon også.
Sjølvsagt kunne det det.
Bygda er ikkje ein stad der menneska er betre enn i byen, men der folka er så få at utsikta til menneskenaturen blir betre, både til det gode og det vonde.
På bygda er eg ikkje noko eksempel, ikkje du heller. Det er ikkje folk nok her til å forma subgrupper. Me er ein og ein. Med tyngda av våre forfedrar eller tyngda av våre manglande lokale røter. Maktar du ikkje tanken på å representera berre deg sjølv, er ikkje bygdelivet noko for deg.
Bygda blir alltid definert i forhold til byen. Når konferansen som vanlegvis går i byen, den eine gongen er lagt til bygda, er byfolkets reiseutgifter lagt inn i alles konferanseavgift.
Halvannan time til møtet i byen, er ingen reiseveg for dei som skal reisa frå bygda. Blir møtet lagt til bygda, blir det bakt, steikt og kokt i dagevis på førehand. Og når byfolket kjem, blir dei klappa godt og lenge på og minst tilbydde ein sofastrekk før livet kan gå vidare og møtet etterkvart kan begynna.
LES OGSÅ: Folk flest vil bu i ein liten by
Bygda er alltid nedleggingstruga. Nå er det skatteoppkrevjaren, snart er det lensmannskontoret og nyleg var det postens brevsortering.
For det skal vera effektivt og større. Framfor alt større.
Det seier seg sjølv. Korleis skal det gå med effektiviteten viss innehavarar blir med ut og opnar panser for kundane sine?
Trassen spirer uansett årstid, den går som eit blankt band mellom oss alltid.
Bygda har bygdedyret. Beistet som til forveksling liknar mennesket på sitt mest nedrige, med forvitne glanande auge og skråsikre dommar om andres liv. Det ligg i skuggane, og lever på andres sårbare voner, men døyr litt kvar gong nokon går tett forbi, utan frykt.
LES OGSÅ: Bygdas bloggstemme
Bygdedyret har ein nær slektning. Bydyret. Eller for å omskriva Skrifta litt, der to eller tre, eller endå fleire menneske er samla, er det beite for beistet.
Bygda er gjennomsiktig. Me går her med førenamn, etternamn og våre nederlag og sigrar. Våre vanar, eksar, skrammer og nye bilar. Me ser kvarandre, snakkar om kvarandre, med kvarandre og hermer kvarandre. Me står framfor kvarandre i latter og gråt, må leva med å vita at dei andre tru at dei veit.
Men dei gjer ikkje det. Dei utvendige teikna i menneskelivet er ufullkomne og tvetydige. Sanninga om mennesket lar seg ikkje spikra. Ikkje i byen, ikkje i bygda.
Bygda er vakker. Når du står i kyrkja syttande mai føremiddag og lyset står som eit sverd gjennom dei høge vindauget og naboen din er vakker i bunad og alle er der, under same tak. Også dei som ikkje klarer kvarandre, men som frå kvar sin kant ser ungane sine som plutseleg har sett seg saman på golvet.
Når busssjåføren stoppar akkurat utanfor huset mitt og seier "då var det Esthers plass" og sender med meg eit ønske om at det må bli noko godt til middag.
Når ho du berre kjenner litt kjem rett over gata, framfor bilar og alt, og klemmer deg fordi ho har høyrt, og ho trur ho forstår litt korleis du har.
Bygda treng ikkje noko forsvar. Ho ler rått, opnar kjøleskapet og finn seg noko kaldt. Lener seg tilbake og spør kva du har laga i det siste.
LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige