Sivilombodet meiner ungdomsfengsel krenkte menneskerettane: – Låg naken på betonggolv i 14 timar

I ei undersøking av Ungdomseining vest avdekkjer Sivilombodet høg risiko for bruk av sikringscelle for barn, og «umenneskeleg og nedverdigande behandling».

NPK-NTB-Edvin Strømme
Publisert

I ein gjennomgang av bruken av sikringscelle på 15 månader fann Sivilombodet ei rekke kritikkverdige forhold ved bruken av sikringscelle i Bjørgvin fengsel i Bergen, skriv dei i ei pressemelding.

I rapporten viser dei til det dei meiner er ein unødvendig streng praksis der dei innsette systematisk vart fråtekne eigne klede på sikringscelle:

– Eit spesielt bekymringsfullt funn var at ein ungdom blei fråteken klede, rivsikkert pledd og madrass, og låg heilt naken rett på betonggolvet i over 14 timar gjennom natta. Ungdommen sat innelåst på sikringscella i over 18 timar totalt. Hendinga framstår som ei krenking av forbodet mot nedverdigande og umenneskeleg behandling i menneskerettane.

Sivilombod Hanne Harlem. Foto: Mona Ødegård

– Det er alvorleg når mindreårige blir plasserte i sikringscelle fleire gonger og over lang tid. Det aukar faren for menneskerettsbrot, seier sivilombod Hanne Harlem i pressemeldinga.

NTB har prøvd å innhente svar frå Ungdomseining vest, førebels utan hell.

Klipte av kleda

Fengselet blir også kritisert for mangelfull journalføring av kroppsvisitasjonar.

– Ifølgje tilsette vart tvangsvisitasjon gjennomført ved at kleda vart klipte av medan den innsette låg på magen på golvet med hendene i handjern på ryggen. Vi fann likevel berre eitt døme på at fengselet dokumenterte skriftleg korleis tvangsvisitasjonen vart gjennomført (med klipping), skriv Sivilombodet i rapporten.

– Svikt

Sivilombodet skriv at sju av dei ni vedtaka om å plassere ungdom på sikringscelle er basert på feil vilkår, noko som gjer risikoen høg for at dei har vore ulovlege. Terskelen for å sende barn på glattcelle er høge i straffegjennomføringslova, og skal berre skje når det er «tvingande nødvendig».

– Manglane i vedtaka utgjer ein alvorleg svikt i rettstryggleiken for ungdommane som vart plasserte på sikringscelle, seier Harlem.

Rapporten avdekkjer også for dårleg tilgang på advokat. Dei reagerer også på manglande bruk av tolk.