The Summer I Turned Pretty-stjerne les inn erotiske lydbøker

Erotisk litteratur for kvinner har blitt populært. No trekker også kjende skodespelarar til sjangeren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Er du ein av dei som levde deg djupt inn i serien The Summer I turned Pretty tidlegare i haust? Eller kanskje «hate-watcha» du trekantdramaet?

Mange team Conrad-fans frydar seg no over skodespelar Chris Briney sitt nyaste prosjekt.

Briney er nemleg ein av fleire kjende skodespelarar som les inn erotiske lydbøker for appen Quinn.

Fansen var gira på å høyre Chris Briney si stemme lese erotikk. Foto: Erika Doss/Amazon Content Services LLC

Erotikk retta mot kvinner

– Det er ikkje noko eg har gjort før, men det var ei velkomen utfordring, og eg gler meg til at folk skal få høyre det, seier Briney i eit intervju med Cosmopolitan.

Han fortel at det som trekte han til prosjektet med å lese inn serien «Hidden Harbor», var måten dei legg vekt på kvinnedrivne historier.

Quinn skildrar seg som ein app for «audio erotica».

Ifølgje gründer og administrerande direktør Caroline Spiegel (27), har abonnentbasen deira auka med 168 prosent på eitt år, skriv The Guardian. Ho snakkar om eit kulturelt skifte, leia av kvinner. Historiene plasserer kvinner i sentrum for deira eigne fantasiar.

– Innhaldet vårt er laga for dei, med dei i tankane, med dei som førsteprioritet og dei som målgruppe, seier ho til avisa, og legg til at vaksenunderhaldning tradisjonelt har blitt laga av menn, for menn.

Kjendistungt

83 prosent av abonnentane deira er kvinner, men rundt tre firedelar av innlesarane er menn, ifølgje The Guardian.

Quinn kan skilte med fleire store kjendisar på lista over innlesarar. Jamie Campbell Bower (Stranger Things), Tom Blyth (The Hunger Games: The Ballad of Songbirds & Snakes) og Jesse Williams (Grey’s Anatomy) er nokre av dei profilerte forteljarane. 

Den mest etterspurde innlesaren er ifølgje Spiegel The Last of Us-stjerna Pedro Pascal.

Tydeleg oppsving

– Vi har sett ein tydeleg oppsving av lytting til lydbøker innanfor sjangeren romantasy dei siste åra, stadfestar Jørgen Brauti, innhaldsansvarleg i Storytel, til Framtida.no.

Dei siste åra har sjangeren romantasy, som kombinerer fantasy og romantikk/erotikk, segla opp og blitt svært populær, både i Noreg og internasjonalt.

Skjermbilete frå Storytel

Lydboktenesta Storytel merkar at det blir lytta mykje til engelskspråklege lydbøker av forfattarar som trendar på booktok, som Sarah J. Maas, Rebecca Yarros og Diana Gabaldon. Sarah J. Maas står mellom anna bak romantasy-sensasjonen A Court of Thorns and Roses.

– Det finst ikkje så mange lydbøker innanfor sjangeren utgitt på norsk enno, men vi kan berre anta at det vil auke i tida framover, skriv Brauti i ein e-post via pressekontakten.

Innlesar er viktig

Framtida.no har spurt om det er nokon spesielle skodespelarar eller kjendisar Storytel drøymer om å få til å lese erotiske lydseriar. Dei svarar det som regel er forlaga som produserer lydbøkene som vurderer stemmene.

– Vi veit at innlesarar har mykje å seie for lyttaropplevinga. Då vi gjorde ei undersøking blant lyttarane våre i samband med lydbokprisen Storytel Awards i år, svarte nesten alle at dei synest innlesar er viktig for lytteopplevinga (96 prosent), og heile 76 prosent oppgir til og med at dei tidvis vel lydbok etter innlesar.

– Enkelte kvalitetar ved ei stemme er ofte i fokus, som innleving og stemmeleie og evna til å bringe lyttarane enda nærmare forteljinga, fortel Brauti.