Ghetto Kids for første gong i Noreg: – Uventa kaldt
Med 12,4 millionar følgjarar på Tiktok, er dansegruppa Ghetto Kids blitt eit fenomen på sosiale medium. No har dei vore på sitt første noregsbesøk.

Denne saka er skriven av systeravisa vår, Framtida Junior.
– Vi var så spente på denne reisa sidan det var vår første gong i Noreg.
Det seier organisasjonen Ghetto Kids Foundation via e-post til Framtida Junior.
– Full av glede og kjærleik
Ghetto Kids Foundation held til i Kampala, hovudstaden i Uganda. Ifølgje ein Unicef-rapport frå 2024 er 44 prosent av barn i Uganda ramma av samansett fattigdom.
Organisasjonen jobbar for å gi barn som veks opp utan foreldre og i farlege område ein stad der dei kan drøyme og utvikle seg for å få eit trygt liv.
Dette gjer dei gjennom musikk, dans og drama.
– Ghetto Kids er ein NGO, og vi brukar dans for å skape liv gjennom dans. Det er ein heim full av glede og kjærleik, så vi elskar å vere her, seier Ssegirinya Madwanah, også kalla «King».
Ein NGO er ein type velgjerande organisasjon som ikkje er eigd av staten.
Pengar til å gå på skule
Besøket til Noreg var kort, men flott, fortel Madwanah vidare.
– Det var litt kaldt. Det var ikkje det vi forventa, skriv han.
Dansegruppa har lagt ut fleire videoar frå Noreg, mellom anna at dei dansar på Jernbanetorget, på operataket og med dansegruppa Jump Crew, som vann Norske Talenter i fjor.
@ghettokids_tfug256 Happy People! Its a Beautiful Day in Oslo, Norway! 🇳🇴 – #inspireghettokids #ghettokids #dance #Norway #makinglifebetterthroughdance ♬ Anxiety – Doechii
Det var Oslo Business Forum som stod for å få dansegruppa til Noreg. Dei ville ha med Ghetto Kids på konferansen sin. Oslo Business Forum er ein årleg konferanse som hentar inn forskjellige aktørar for å inspirere og heve kompetansen innan norsk næringsliv.
For Madwanah og Ghetto Kids, er det ekstra viktig å bli invitert til å opptre.
– Det er eit stort steg i livet vårt og reisa vår når vi blir invitert til å danse. Det er slik vi får pengar til å betale for skulegangen, og gjer at vi kan gå på skule, forklarar Madwanah.
Dei var på scena to gongar gjennom konferansen, og den siste gongen fekk dei selskap på dansegolvet av arrangørane.
– Det var ei flott oppleving, og ja, nokre av dei kunne riste på midja, fortel Madwanah.
– Heilt fantastisk
Prosjektleiar My Elfstrand fortel at dei har lenge hatt eit ønske om å få sjå Ghetto Kids framføre på konferansen deira.
Oslo Business Forum jobbar for å vere ein inspirasjon for andre leiarar i Noreg og i verda.
– Som vi brukar å seie: Vi skal røre ved både hjernen og hjartet, seier Elfstrand.
Då er det kjekt å vise fram ein organisasjon som Ghetto Kids Foundation.
Å avslutte konferansen med å bli med dansegruppa på dansegolvet var òg noko heilt utanom det vanlege.
– For meg var det heilt fantastisk, seier ho om opplevinga.