Dystre sjølvmordstal: – Vi tek dette på djupaste alvor

Sjølvmordstala i Noreg har gått opp dei siste fem åra, og i fjor tok 727 menneske livet sitt. Hjelpetenesta Livslosen tilrår å snakke med medmenneske og la dei som slit fortelje.

NPK- Kjell Åsmund Sunde
Publisert

Førebelse tal frå dødsårsaksregisteret til Folkehelseinstituttet viser at sjølvmordsraten heldt fram med å auke også i 2024. Det er så langt registrert 535 sjølvmord hos menn og 192 hos kvinner i fjor.

No varslar regjeringa at det vil komme ein ny og spissa handlingsplan for førebygging av sjølvmord neste år.

– Vi er nøydde til å styrkje og målrette arbeidet for å få ned dei høge sjølvmordstala. Bak kvart einaste sjølvmord er det ein person, ein skjebne, ein familie og eit nettverk. Vi tek dette på djupaste alvor, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) til NTB.

Kan råke oss alle

I samband med markeringa av den internasjonale dagen for sjølvmordsførebygging 10. september blei det skipa til fleire arrangement ulike stadar i landet. I hovudstaden vart mellom anna seminaret «Å se det usynlige» gjennomført. Hovudbodskapen der var å formidle korleis du som medmenneske kan leggje merke til teikn og tilby hjelp til dei som slit før det er for seint.

– Årsakene til at ein kan få sjølvmordstankar kan vere samansette. Det kan vere psykisk liding, rus, store endringar i livssituasjon, økonomiske utfordringar, relasjonelle utfordringar, konfliktar, at ein slit med fysisk helse, tapsopplevingar eller depresjon og angst. Det kan råke oss alle, seier rådgivar Lisa Solnørdal hos Livslosen. Ho deltok på seminaret.

Livslosen er eit lågterskeltilbod til folk med sjølvmordstankar, og har sidan oppstarten i 2021 bidrege til å hjelpe om lag 450 personar.

– Vi treng å vite meir om sjølvmord og kva vi som medmenneske kan gjere, seier Solnørdal.

Myteknusing

Om lag 60 prosent av dei som tek livet sitt har ikkje vore i kontakt med noko hjelpeapparat året før dei gjennomfører sjølvmord.

– Det gjer at det kan vere vanskeleg å avdekkje om nokon har sjølvmordstankar. Mange ber ei maske, men nokre typiske varselteikn er at dei kan komme med utsegner som «eg orkar ikkje meir», eller «det er ikkje nokon vits». Åtferdsendringar kan òg vere teikn, fortel rådgivaren.

Solnørdal trekkjer fram tre veletablerte mytar om sjølvmord. Den første myten er at ein kan sette folk på tanken om sjølvmord ved å snakke om det.

– For dei aller fleste kan det å få sett ord på eit så djupt og alvorleg tema faktisk vere lettande. Det kan redusere sjansane for sjølvmord å spørje nokon direkte, seier Solnørdal.

Myte nummer to er at dei som har bestemt seg for å ta livet sitt kjem til å gjennomføre det uansett kva ein gjer.

– Sjølvmordshandlinga kan vere impuls, og dei som går med slike tankar opplever ofte ambivalens, og kan òg ha eit ønske om å leve.

Den siste myten ho vil avkrefte er at dei fleste sjølvmord kjem som lyn frå klar himmel.

– 70 prosent av dei som tek livet sitt har vist alvorlege varsel- og risikoteikn.

Dette kan du gjere

Har du mistanke om at nokon går med sjølvmordstankar og/eller har lagt merke til store endringar i åtferdsmønsteret til folk nær deg er det fleire ting du kan gjere. Mellom anna rår Solnørdal folk til å snakke med personen det gjeld på ein varm, imøtekommande måte, men samstundes vere direkte.

– Ver aktiv lyttande og nysgjerrig på korleis vedkommande tenkjer og føler. Still opne spørsmål og la personen fortelje. Skap eit rom der personen kan få prate fritt. Ver gjerne også forsiktig med å komme med ytringar om korleis vedkommande «berre kan gjere det eller det» for å løyse situasjonen. Det kan bli oppfatta som bagatellisering. Det handlar i grunnen om å tørre å spørje direkte og å tørre å stå i det ein får tilbake, seier rådgivar Lisa Solnørdal.

Hjelpetelefonar

Treng du nokon å snakke med? Her kjem nummera til ulike stadar du kan ringe om du slit med sjølvmordstankar eller er pårørande:

  • Livslosen: 45 84 54 63
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Mental Helse: 116 123