Skulle ikkje følgje farens politiske fotspor – no er Victoria (15) lokallagsleiar
Victoria Helene Gjelsvik Høydalsvik (15) ville eigentleg unngå politikken då ho såg kor mykje faren jobba som kommunal- og distriktsminister.

Denne saka vart først publisert i systeravisa vår Framtida Junior.
– Eg hadde med meg éi jakke. Og meg sjølv. Det var alt eg hadde, seier Victoria.
Vi møtest i Lillestrøm på bokhandelen Bookdragons. Her fortel Victoria om den aller første sumaren då ho var medlem av Senterungdommen.
Bestemte seg på danskebåten
Faren til Victoria var kommunal- og distriktsminister frå april 2022 til oktober 2023. Sidan ho såg kor mykje han jobba, tenkte Victoria eigentleg at ho ikkje ville bli politikar.
Men det endra seg då ungdomspartia kom på besøk til skulen hennar, og ho såg at dei bestod av folk som ikkje var noko særleg eldre enn ho.
– Då skjønte eg at det var folk på min eigen alder som var interesserte i politikk, seier ho.
Ho kunne ta valet det året ho vart 13. Dette er aldersgrensa for medlemskap i fleire av ungdomspartia.
Og valet tok ho medan ho var på danskebåten i sumarferien. Då spurde ho faren om ho kunne melde seg inn i Senterungdommen.
– Han berre «JA!», og så spurde han meg om eg faktisk ville det, og at det ikkje skulle vere noko press frå han, sa ho.
Oppblåsbare flamingoar i regnvêr
Då medlemskapet var i boks, ville Victoria oppleve det Senterungdommen hadde å by på.
– Eg spurde pappa om det var noko som skjedde no. Då sa han at det sumarleir om ei veke, seier ho.
Som statsråd, skulle faren ha ei velkomsttale for medlemane, og Victoria vart med han, med plan om å reise heim att same dag.
– Det var medan uvêret «Hans» heldt på i Møre og Romsdal. Då vi kom dit var det første eg såg oppblåsbare flamingoar og diskokuler. Eg berre, «det pøsregnar, kva er dette for noko?» fortel Victoria.
I tillegg såg ho at fleire hadde på seg lei – ein blomsterkrans som ein heng om halsen og stammar frå Hawaii.
– Eg synest det verka litt rart, men også kjempegøy, for eg hadde aldri sett noko sånt, seier ho.
Jakke, mobil og ladar
Under talen til faren hennar, vart ho vinka bort til nokre jenter. Dei lurte på kven ho var. Då dei fekk vite at ho var medlem, men ikkje hadde meldt seg på sumarleiren, spurde dei om ho ikkje skulle bli.
– Greia var at eg hadde berre forventa å vere der ein dag, så eg hadde med meg jakke, mobil og meg sjølv, seier Victoria.
Men med litt planlegging, skulle det la seg gjere.
– Eg fekk ein mobilladar, og tilgang på kortet mitt på mobilen. Det var det eg hadde, medan andre hadde koffertar og sekkar. Dei hadde førebudd seg i fleire månadar, seier ho.
– Det var jo litt skummelt, eg kjende ingen, men alle var så imøtekomande, og eg følte meg godt ivaretatt.
Skapte nye venskap
Med ulike turneringar, som fotball, og debattskulering, vart Victoria kjent med deltakarane som var på sumarleiren.
– Vi var ikkje meir enn 40, for det var ein del som ikkje kom seg til sumarleiren grunna «Hans», men alle saman vart kjent, og det var kjempekoseleg, seier ho.
Medlemane i Senterungdommen er 13–30 år gamle, så det er eit ganske stort aldersspenn. Men alder er ikkje noko problem.
– Korleis var det å snakke med dei forskjellige medlemmane?
– Eg hadde jo aldri møtt så mange unge på ein stad som brydde seg om politikk. Eg blei kjempesjokkert, men eg syntest det var kjempegøy, seier Victoria.
Nesten alle ho møtte på den første sumarleiren er folk ho framleis kjenner.
– Eg angrar ikkje eitt sekund på at eg blei igjen der, seier Victoria.
Får møte folk frå heile landet
To år etter ho melde seg inn, har Victoria vore med på tre sumarleirar. I tillegg er ho med i fylkesstyret og organisatorisk utval, pluss at ho er lokallagsleiar for Nedre Romerike Senterungdom. Alt dette som 15-åring.
Kva er det som er gøy med å vere medlem i eit ungdomsparti?
– Det eg synest er gøy, er at vi møter folk frå heile landet. Då får ein fleire perspektiv. Eg hadde kanskje ikkje visst korleis det er å bu i Troms og Finnmark om eg ikkje hadde blitt kjend med dei og høyrt deira historier og det som opptar dei, seier Victoria.
Det er ikkje så mange Victoria kan snakke med om politikk på skulen. I alle fall som er like interesserte som ho. Og når ho seier at ho er politisk aktiv, blir folk som oftast overraska.
Er det noko som skulen kan gjere for å snakke om politisk engasjement?
– Eg tippar det ville hjelpt om ein ikkje berre viser eldre folk som er med i politikken, og vise at det er mogleg å engasjere seg, svarar Victoria.
Ho seier at om ein er interessert i politikk, så bør ein søkje opp ungdomspartia og finne ut kva dei er opptatt av.
– Du bør ta kontakt, berre for å sjå om det er noko for deg. Og så kan du vere medlem som kanskje ikkje er så aktiv, men er med på sumarleir eller nasjonale arrangement, foreslår Victoria.
– Ein treng ikkje vere så aktiv som meg for å vere med i eit parti, ler Victoria.
- LES OGSÅ: May (13) vil bli statsminister