Ny leiar: ANSA-leiar Maud (22) ville servert meze til Gro Harlem Brundtland

Maud Alfstad Bjørgum (22) vil gjere det mindre dyrt for studentar å studere i utlandet.

Åshild Slåen
Publisert

– Alle studentar har rett til å setje spørsmålsteikn ved makta, utfordre etablerte sanningar og delta i den offentlege samtalen.

Det skriv Maud Alfstad Bjørgum (22), den nye leiaren i ANSA – Association of Norwegian Students Abroad, på e-post til Framtida.no. Idealsamfunnet hennar er ein stad der alle kan ytre seg fritt, utan frykt.

– Vi ser ei global utvikling der akademisk fridom og studentars moglegheit til å delta i samfunnsdebatten er under press. Ikkje berre i USA, men også i Tyrkia, Serbia og Georgia.

Maud Alfstad Bjørgum

Alder: 22

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Oslo

Yrke/utdanning: Statsvitskap og sosiologi frå Humboldt Universität zu Berlin

Favorittfag på skulen: Engelsk

Ulike verv: Lokallagsleiar i ANSA Tyskland Øst, økonomiansvarleg i landsstyret i ANSA Tyskland, hovudstyremedlem i ANSA

Medlem i: ANSA

 

Bjørgum fortel at dei tre viktigaste sakene for ANSA i år er:

  • å auke studiestøtta til fattigdomsgrensa i samsvar med EUs definisjon, utan at låneandelen blir auka
  • redusere gjeldsbyrda for norske studentar i utlandet
  • styrkje finansieringa frå staten av velferdstilbodet for norske studentar i utlandet

Hjartesaka hennar er å få staten til å styrke velferdstilbodet til ANSA, blant anna psykisk helsehjelp og tryggleikskontaktane deira.

– Mange slit med psykisk uhelse, og tilbodet vårt er utruleg viktig for å betre kvardagen til norske studentar i utlandet.

Engasjementet starta i Berlin

Maud Alfstad Bjørgum er den nye leiaren i ANSA. | Foto: ANSA

– Eg vil vere ein leiar som lyttar og alltid stiller opp med godt humør, men som også er tydeleg og skarp når det trengst.

Ho synest det er vanskeleg å velje seg eit førebilete, men tek inspirasjon frå dei rundt seg. Det inkluderer familie, venar, tillitsvalde og medlemar i organisasjonen.

Engasjementet starta då ho studerte i Berlin.

– Eg vart med på eit ANSA-arrangement og hadde det utruleg morosamt og fekk mange gode venar.

Det ville ho at andre skulle få moglegheit til å oppleve.

– Eg har alltid vore interessert i politikk og det har alltid vore viktig for meg å seie det eg meiner, og å stå opp for andre.

Dyrare for utanlandsstudentar

Ho meiner den største sigeren på årets generalforsamling er at dei har fått opp engasjementet.

– Det var også rekordmange kandidatar til val. Vi har tydeleg komme oss forbi ein liten knekk etter covid. Eg gler meg til å leie ein organisasjon med så mange flinke og engasjerte medlemmer og tillitsvalde.

Det engasjementet vil ho ta med vidare for å få ned gjeldsbyrda til norske studentar i utlandet.

Ifølgje Lånekassen har det blitt fleire med studiegjeld på over 1 million kroner etter enda utdanning, dei fleste med utdanning i utlandet. Snittgjeld for ein utanlandsstudent etter dei er ferdig med studia var i 2024 på 754 000 kroner.

– Den utviklinga vi ser gjer meg bekymra for at studium i utlandet ikkje er ei reell moglegheit for alle som ønskjer det, uttalar Bjørgum.

Musikken stel tida

Når ho ikkje jobbar med ANSA, er Bjørgum ute blant venar og gjer noko sosialt.

– Elles er eg er veldig glad i å gå tur i skogen, og i å strikke.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Musikk! Eg høyrer utruleg mykje på musikk, og kan finne på å berre gå rundt heime utan mål og meining med musikk på øyret. Heldigvis er eg flink til å gjere det eg skal samtidig òg.

Bjørgum held seg mest oppdatert med Nyheitsmorgen og Politisk kvarter på radio

– Men eg les både Aftenposten og Klassekampen i papiravis om morgonen om eg har tid!

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Studiestøtta blir auka til EUs fattigdomsgrense!»

Brundtland og meze

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?

– Eg hadde invitert Gro Harlem Brundtland på middag. Ho er ei veldig imponerande dame som har gjort mykje for det norske samfunnet og verdssamfunnet.

Bjørgum er inspirert av Brundtland sitt arbeid med kvinnekamp, sjølvbestemt abort, miljøvern og internasjonalisering.

– Eg trur vi kunne prata om mykje spennande og eg veit eg kunne lært masse av henne. Og så ville eg servert meze med falafel, hummus, baba ganoush, makdous og taboon – alt vegetar sjølvsagt.

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

Beatles av Lars Saabye Christensen er ei av mine favorittbøker. Morosam, Oslo-nostalgisk, og kjærleik for musikk? Kan ikkje bli betre enn det.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Mørch & Makta er både morosamt, informativt og kjemperelevant for stortingsvalet. Her er det mykje bra å hente!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Jag kommer av Veronica Maggio. Når eg høyrer på den får eg alltid meir energi!