I dag kan du førehandsstemme – dette må du vite
Kvart val går fleire til urnene før sjølve dagen. Frå og med i dag opnar kommunane førehandsstemmelokala sine.

Frå 11. august til 5. september kan ein førehandsstemme og dermed vere ferdig med det før valdagen 8. september. Mange kommunar har også moglegheit for å stemme 7. september.
Fordelane med førehandsstemming er openberre: Køane er stort sett mykje kortare, og det kan gjerast frå kvar som helst i landet. Skal ein stemme på valdagen, må ein derimot stemme i kommunen der ein var folkeregistrert per 30. juni.
Samtidig lukkar ein då døra for å ombestemme seg i løpet av valkampen – for stemt er stemt. Førehandsstemmer ein utanfor sin eigen kommune, mistar ein også moglegheita til å sjå kva kandidatar som står på listene. I staden blir det utdelt ein stemmesetel med berre namna til dei registrerte partia.
Eigne vallokale
Mange kommunar har andre vallokale for førehandsstemming enn for stemmer på valdagen, og kvar og når ein kan avleggje førehandsstemme kan ein sjå på valglokaler.no.
For å stemme i eit stortingsval i Noreg må ein vere norsk statsborgar, ha fylt 18 år innan utgangen av 2025, og på noko tidspunkt ha vore folkeregistrert som busett i Noreg.
Alt du treng å ha med deg, er legitimasjon med namn, bilete og fødselsdato.

Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilete.
Ingen valkort
Tidlegare har det også vore fordelaktig å ha med valkortet – men dette er no eit tilbakelagt stadium. Endringane i vallova som vart gjord før sommaren, inneber også at valkorta ikkje lenger blir sende ut til veljarane. I staden får ein eit informasjonsbrev om valet anten digitalt eller i posten.
I 2021 kom heile 58 prosent av stemmene før valdagen – mot 17 prosent av stemmene i 2005. Andelen har stort sett auka jamt og trutt dei siste 20 åra.
Det må nemnast at moglegheita for å tidlegstemme har vore til stades sidan 1. juli. Dette må ein likevel kontakte kommunen om direkte, då tidlegstemming i utgangspunktet er for dei som ikkje kan stemme under førehandsstemmeperioden eller på valdagen.
Særordningar
Det er også nokre andre grupper det er særordningar for. Dei som ikkje kan stemme i eit vallokale på grunn av sjukdom eller uførleik, kan kontakte kommunen for å få stemme heime eller der dei er. Det må skje innan 4. september klokka 12.
Bebuarar og pasientar på helse- og omsorgsinstitusjonar, og dessutan innsette i fengsel, kan få stemme på institusjonen. Kvar enkelt kommune bestemmer når dette skjer. Vidare har veljarar med funksjonsnedsetjingar som gjer at dei ikkje kan stemme åleine – til dømes blinde – rett til å få hjelp i vallokalet av ein valmedarbeidar eller ein person dei peikar ut sjølv.