Fleire enn ti Norway Cup-deltakarar har søkt om asyl i Noreg

I helga vart ei av dei største fotballturneringane i verda avslutta i Oslo. Fleire enn ti av dei utanlandske deltakarane har søkt asyl i Noreg.

NPK-NTB
Publisert

Talet på visumavhopparar frå Norway Cup er i overkant av 20. Litt over halvparten av dei har søkt asyl i Noreg, opplyser Per-Jan Brekke, teamleiar presse og samfunnskontakt i Utlendingsdirektoratet (UDI), til Aftenposten.

Med visumavhoppar siktar ein til personar som kjem til Noreg på eit lovleg visum, men ikkje forlèt landet. Sidan Noreg er med i Schengen, har slike personar høve til å reise til andre Schengen-land med det same visumet.

Aftenposten har spurt UDI kva land asylsøkjarane kjem frå. Det ønskjer ikkje UDI å oppgi.

Verken Norway Cup eller politiet ønskjer å kommentere saka.

– Av omsyn til personvernet vil Politiets utlendingseining (PU) verken stadfeste eller avkrefte slike opplysningar, skriv Cecilie Johansen, leiar av stab for kommunikasjon i PU, til Aftenposten.