I dag er siste frist for å melda flytting før stortingsvalet

Dersom du er student og vil møta opp for å stemma i den kommunen du bur i på valdagen 8. september må du gå inn på Skatteetaten.no og melda flytting.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Bur du i ein annan kommune enn der du er folkeregistrert?

30. juni er siste frist for å melda flytting om du vil stemma i kommunen du bur i på valdagen 8. september.

Du kan førehandsstemma både i eigen og andre kommunar i perioden 11. august til 5. september, men om du skal stemma på sjølve valdagen må du møta opp i den kommunen der du er folkeregistrert.

Som hovudregel skal ein melda flytting innan åtte dagar etter ein har flytta, men studentar kan sjølv velja om dei vil vera folkeregistrert i heimkommunen eller kommunen der dei studerer. Nokre studentar vel å ikkje melda flytting for å vera dekt av innboforsikringa til foreldra sine så lenge som mogleg.

Du kan melda flytting inntil 31 dagar før du flyttar.

Dersom du er student og vil vera sikra å kunne møta opp for å stemma i den kommunen du bur i på valdagen 8. september må du gå inn på Skatteetaten.no og melda flytting i dag.