Natur og Ungdom fryktar dei ikkje har råd til å delta på klimatoppmøtet
Klimatoppmøtet i Brasil i november kan koste 200 000 kroner for organisasjonen.
– Akkurat no er vi veldig usikre på om vi kan dra. Det er særleg på grunn av prisane for overnatting og reise, som har skote i veret, seier Mikkel Inchley på telefon til Framtida.no.
Han har ansvaret for å følge opp Internasjonalt utval i Natur og Ungdom.
Inchley fortel at Natur og Ungdom har ein god økonomi, men dei kan ikkje bruke alle pengane sine på klimatoppmøtet, som vert arrangert i Belém i Brasil i november i år.
For å delta på heile klimatoppmøtet, kan det komme til å koste organisasjonen 200 000 kroner.
Dei har fått noko støtte frå klima- og miljødepartementet.
– Det er vanskeleg å seie akkurat kva det vil koste, men per person kostar det 10 000 kroner å fly. For overnatting kostar det i gjennomsnitt 75 000 kroner for to personar i ei veke. Og klimatoppmøtet varer i to veker, fortel Inchley.
Belém ligg isolert i delstaten Pará, nord i Brasil. Det er ein av dei viktigaste veiane inn til Amazonasområdet. Men det er så vanskeleg å finne ein plass å bu der, at 4500 deltagarar skal bu på cruiseskip medan møtet pågår.
– Mange er usikre. Hotella har ikkje nok kapasitet. Til og med delegatane frå klimadepartementet veit ikkje kor dei skal sove!
– Synd viss sivilsamfunnet blir utelate
I 2024 vart klimatoppmøtet arrangert i Aserbadsjan. Inchley minnest korleis det var å vere på klimatoppmøte i eit diktatur, og kor strenge retningslinjene var.
– Vi hadde til dømes ikkje lov til å lage lyd under protestar.
Han og Natur og Ungdom hadde håpa det skulle bli enklare i år, no som møtet blir arrangert i eit demokrati.
– Det er ein farleg trend. Sivilsamfunnet er ei viktig stemme. Det er veldig synd viss dei blir utelate frå eit så viktig møte.
Han understrekar at det bør vere mogleg å dra dit for organisasjonar som ikkje har ein like sterk økonomi også.
– Det er farleg om dette repeterer seg.
Klimadepartementet: – Urovekkande
Framtida.no har vore i kontakt med klima- og miljødepartementet på e-post.
Dei skriv at dei har gitt Natur og Ungdom 59 000 kroner i reisestøtte, som er nær ei dobling av støtta dei fekk for deltaking på klimatoppmøtet i fjor.
Departementet er bekymra for at det kan bli vanskelegare for sivilsamfunnet å delta på klimatoppmøtene i framtida.
– Svært høge kostnader knytta til deltaking på COP30 er urovekkande. Det kan bety at både land og sivilsamfunn ikkje kan delta fullt ut, skriv Siv Fjørtoft, som er kommunikasjonsrådgjevar i departementet.
Dei høge kostnadene er også ei utfordring for den norske delegasjonen som skal reise.
– Vi avventar førebels bestilling av overnatting før vi veit meir om storleiken på delegasjonen.
– Jobbar langs fleire spor
No prøver departementet å betre situasjonen.
– Vi jobbar langs fleire spor for å prøve å legge press på at kostnadene ved deltaking ikkje blir for høge. Vi har også auka reisestøtta i år for å bidra til at sivilsamfunnet kan delta, skriv Fjørtoft.
Når det gjeld plassering av klimatoppmøtet, har ikkje Noreg så mykje dei skulle ha sagt, ifølge departementet:
– Noreg har ingen påverknad på dette, då det er regionen som vel land. Bortsett frå når det er WEOG (Western European and Others Group) som skal halde COP. Då er vi med på bestemme vertsland. Men lokaliseringa i det landet som får COP, kan vi i svært lita grad påverke.
Natur og Ungdom håpar framleis å kunne vere med på møtet i november.
– Planen er framleis å dra, avsluttar Inchley.