Fyrstegongsveljar: Tobias (18) får politisk informasjon frå TikTok og aviser
Foreldra har likevel ein viktig påverknad på standpunkta hans.

Fyrstegongsveljaren er ei fast spalte før stortingsvalet 2025. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval.
– Korleis er det å skulle stemme for fyrste gong?
– Det er spennande. Eg har jo vore med mamma og pappa når dei har gjort det, og det har jo ikkje verka som om det er noka stor sak å kome der og skrive under. Men det er jo det å bestemme seg.
Framtida.no møter Tobias Torsteingard (18) i skulegarden på Otta i ein fritime. Det er ikkje veldig travelt på skulen i slutten av mai, men han skal etter kvart vidare til ein tysktime, og seinare i veka får han beskjed om munnleg eksamen.
Tobias Torsteingard
Alder: 18 år
Frå: Dovre i Innlandet
Skule: 2. klasse studiespesialisering med realfag ved Nord-Gudbrandsdalen Vidaregåande skule, avdeling Otta
Hobbyar: Vere med venar, gå på tur og jakte
Verv: Er ikkje medlem i nokon organisasjon
Sosiale medium: Snapchat, TikTok, Instagram og Facebook. Brukar mest Snapchat og TikTok.
– Ein kan jo tenke det at ei stemme ikkje er så farleg, men når det blir mange så tel det jo. Ein kan vere ein vippestein då.
Han planlegg å stemme i år. Spørsmålet er: kva parti?
– Eg har ikkje peiling. Eg kan seie at for nokre år sidan hadde eg sikkert sagt Ap, men no veit eg eigentleg ikkje, seier Torsteingard.
Jakt og naturvern
– Er politikk noko du synest er gøy?
– Det er interessant, men det er ikkje noko eg er engasjert i, viss ein kan seie det.
Torsteingard er ikkje med i noko ungdomsparti eller organisasjon som kjempar for politiske saker. På fritida likar han å gå på tur og jakte.
Det tyder ikkje at han ikkje bryr seg:
– Eg har då meiningar om ting personleg.
– Kva politiske saker, spesifikt, er det som engasjerer deg?
– Kanskje dette med bruken av fjellet? For eksempel dette med reinsdyra då, eller reinjakt. Ikkje at ein skal slutte med det, men at det er viktig å bevare dei, passe på dei.
Villreinen i Rondane og Dovre-området er verna og veldig sårbar for utbygging og ferdsel i fjellet. Korleis ein skal balansere auka fjellturisme og omsynet til dyra har vore ein debatt i mange år.
– Det er litt vanskeleg å ha ei klar meining på det, men ein kan vere oppteken av det likevel, seier Torsteingard.
Han kjem ikkje på spesifikke saker han ikkje bryr seg om, men veit at han har opplevd politiske diskusjonar han ikkje har vore interessert i.
TikTok og foreldre
– Kvar får du politisk informasjon?
– Det er jo litt trist å seie, men TikTok. Og visst det kjem opp ein avisartikkel som eg synest ser interessant ut, så kan eg jo fort lese gjennom den.
Då les han gjerne lokalavisa Vigga og regionsavisa Gudbrandsdølen Dagningen, men han kan òg vere innom ein VG-artikkel dersom det kjem opp.
– Synest du at skulen har førebudd deg på valet?
– Det har jo vore noko når det har vore valår. For eksempel det å ta valomat og at vi har prata så vidt om det. Men det har ikkje vore noko slik at vi har førebudd oss på å gå inn i stemmeboksen.
– Diskuterer du politikk med venar?
– Nei, eigentleg ikkje.
Torsteingard trur foreldra er dei som har vore viktigast for dei politiske synspunkta hans. I tillegg kan han bli påverka av folk som har mykje kunnskap om eit emne.
– Finst det ei enkeltsak du bryr deg veldig om?
– Eg synest jo det er greitt å ikkje ha så høg skatt. Og at samferdsel skal bli betre i distrikta.
Han vil at vegane skal bli tryggare og betre, og at tog går hyppigare.
– Lågare bomavgift hadde òg vore greitt.
Om prosjektet
Fyrstegongsveljar er ei fast spalte før stortingsvalet 2025. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval. Prosjektet er støtta av Bergesenstiftelsen.