Prinsesse Ingrid Alexandra flyttar til Australia for å studere

Prinsesse Ingrid Alexandra skal ta ein bachelor i samfunnsfag ved Universitetet i Sydney i Australia.

NPK-NTB
Publisert

Det skriv Kongehuset i ei pressemelding.

På den andre sida av jordkloden skal prinsessa fordjupe seg i internasjonale forhold og politisk økonomi.

Ho skal vere heiltidsstudent og bu i ein studentbustad på universitetsområdet.

No ser ho fram til å konsentrere seg om studia i åra som kjem, skriv Kongehuset vidare i pressemeldinga.

Det siste året har Ingrid Alexandra gjort unna førstegongstenesta i Ingeniørbataljonen på Skjold leir i Indre Troms. No vender ho altså nasen mot sørlegare breiddegrader.

Også kronprinsesse Mette-Marit har budd i Australia. Midt på 1990-talet var ho eit år som utvekslingsstudent ved Wangaratta High School i Wangaratta i delstaten Victoria.