– Over all forventning

Då arbeidsplassen deira gjekk konkurs og dei plutseleg stod utan jobb, fann dei fire karane ut at dei skulle satsa alt å starta opp eit eige tømrarfirma. Det har dei ikkje angra på.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette har gått mykje betre enn vi frykta då vi fekk beskjeden om konkursen, seier dagleg leiar Tonny Andre Dale. Han tok saman med tre kollegaer initiativ og skapte sin eigen arbeidsplass. 

– Det har vore fullt opp med arbeid heilt frå oppstart. Ingen har gått ledig ein einaste dag, så vi er godt nøgde, seier han.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Ville skape sitt eige
Det var like før jul i fjor at Walde Gruppen begjerte seg konkurs. Ikkje lenge etter vart Byggteam Vest as starta opp, beståande av Tonny Andre Dale, Inge Eikanger, Daniel Reknes og Morten Svanevik. Til hausten får dei i tillegg inn ein lærling.

– Det er viktig for oss å vera sjølvstendige, og ikkje berre fortsette der Walde Gruppen slapp. Vi prøvde å ta minst mogleg oppdrag som stod att etter konkursen, og heller skape noko heilt eige, seier Dale, og fortel at dei fleste kundar veit at dei tidlegare var tilsett i Walde, men at dei ikkje forbind dei med det tidlegare firmaet.

LES OGSÅ: Dei fleste i jobb

Tenker framover
Firmaet har mykje å ta tak i. Nett no har dei ein del påbygg som ventar, ein del rehabliteringsjobbar og også nokre industribygg.

– Og så har vi inne nokre anbod, så vi har å ta tak i på dei fleste område, seier Dale.

– Dette har som sagt gått over all forventning, vi er kjempenøgde med utfallet. No tenker vi framover, og håpar å ha ein stabil vekst i næringslivet i Nordhordland.

LES OGSÅ: Rekordmange kvinner til byggebransjen

Dei fleste i ny jobb
Dale har inntrykk av at dei aller fleste er kommen seg i arbeid igjen etter konkursen.

– Vi som kom frå Walde hadde eit godt rykte på oss, og i tillegg hadde dei fleste lokal tilknyting. Mange kom seg veldig kjapt tilbake i arbeidslivet, og nokre fekk tilbod frå fleire forskjellige aktørar, seier Dale.

Les saka i avisa Nordhordland!