Draumeoverskrifta til den nye Changemaker-leiaren er at Trump blir avsett som president.

Andrea Rygg Nøttveit og Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Akkurat no er klimafinansiering, våpeneksport og ein rettferdig internasjonal skattepolitikk dei viktigaste sakene for Changemaker.

Det skriv Ragnhild Bergli (19) i ein e-post til Framtida.no.

Ho er vald til ny leiar av Changemaker Norge, ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp.

Ragnhild Bergli

Alder: 19

Personleg pronomen: ho/henne

Frå: Vang i Valdres

Yrke/utdanning: Vidaregåande (dramalinja)

Favorittfag på skulen: Teater i perspektiv (teaterhistorie og teori)

Ulike verv:

Changemaker: Lokalgruppeleiar Gjøvik (2022-2024), utvalsleiar politisk utval for fred (2023-2024), 2. nestleiar (noverande)

4H: Styremedlem, kasserar og lokalgruppeleiar i Slidre 4H perioden 2018–2021

Ung samtale: Sosiale medium-ansvarleg (noverande)

Medlem i: Changemaker, Spire, Press

– Verda treng enormt med pengar for å løyse klimakrisa, og rike land bør helst bidra med minst 1000 milliardar dollar årleg i klimafinansiering, sjølv om verda berre har blitt samd om å gi 300 milliardar dollar årleg. Samstundes forsvinn det 600 milliardar dollar årleg i ulovleg kapitalflukt, påpeiker ho og viser til FNs panel for globalt økonomisk styresett (FACTI).

Changemaker jobbar for eit rettferdig internasjonalt skattesystem og vil hindre at multinasjonale selskap slepp unna med milliardar som kunne bidrege til fellesskapet.

– I tillegg fokuserer vi på våpeneksport fordi det er ein del av eit større strukturelt problem i kampen for folkerett, menneskerettar og fred. Klima, fred og skatt heng saman og er alle essensielle strukturar å jobbe innanfor for å skape ei meir rettferdig verd.

Elverydding og apati

Fred, klimarettferd og økonomisk rettferd er hjartesakene til den nye Changemaker-leiaren. Ho melde seg inn i ungdomsorganisasjonen under koronapandemien, då ho kjende på mykje apati og meiningsløyse. Bergli kom over ein annonse for Changemaker på Instagram, og tenkte at det var midt i blinken for ho.

– Eg såg annonsen eit par dagar etter eg hadde vore på elveryddingsdugnad saman med far min, og var oppgitt over at det var noko vi måtte gjere kvart år. Kvifor kunne ikkje folk berre slutte å forsøple og øydeleggje naturen? Samstundes som det kjendest frustrerande å måtte rydde kvart einaste år, kjendest det også bra å gjere ein bitte liten forskjell. Dette engasjementet kunne overførast til at verda også er skikkeleg urettferdig, og at vi driv med mykje brannsløkking, eller søppelrydding.

Bergli ville vere med å endre strukturane slik at vi ikkje «berre» driv med brannsløkking.

Vil avsetje Trump

Under årssamlinga vedtok Changemaker å ha hovudtemakampanje om land-for-land-rapportering i haust. Dei skal kjempe for at den nye regjeringa vil inkludere det i regjeringsplattforma.

– Den neste kampen blir å bruke dei flinke tillitsvalde vi har i organisasjonen til å spreie engasjementet til fleire stader i landet, og styrkje den lokale aktiviteten i Changemaker. Vi kan nemleg endre verda frå små bygder og andre byar enn Oslo!

Om Ragnhild Bergli vakna opp til si draumenyheit, hadde overskrifta vore «Donald Trump fråteke presidentmakta, no styrer Demokratane.»

Ragnhild Bergli utanfor Stortinget saman med avtroppande Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan, etter ei høyring i Utanriks- og forvsarskomiteen. | Foto: Changemaker

– Donald Trump har teke så mange avgjerder som får enorme konsekvensar for det internasjonale samfunnet, og eg må innrømme at eg ikkje er så optimistisk for kva framtida med han bringar. Han er på mange måtar eit problem verda ikkje trong akkurat no.

Audmjuk og lærevillig

Den påtroppande leiaren av Changemaker har hatt fleire gode førebilete i organisasjonslivet og på skulen, og prøver å plukke eigenskapar frå dei og forme sin eigen stil.

– Dette er nytt for meg, så eg tenkjer at det å vere audmjuk, lærevillig og autentisk er noko av det viktigaste eg kan strebe etter å vere. Ein god leiar løftar andre opp, og får ting gjort.

Bergli håpar å vere diplomatisk, flink til å lytte og ta imot andre sine initiativ og idear, og klare å sjå heilskapen og prioritere det som er viktigast.

– Min viktigaste jobb er å leie demokratiet i den retninga vi saman har sagt at vi vil, og vere ein trygg person som alle kan kome til med kva det måtte vere, og oppleve at dei blir møtte med empati, tolmod og forståing uavhengig av kva dei fortel meg.

For 19-åringen er idealsamfunnet eit samfunn der alle bryr seg minst like mykje om kvarandre som om seg sjølve.

– Eit samfunn prega av solidaritet, nestekjærleik, dialog og rettferd. Eg trur vi kjem dit ved å leve litt saktare, leggje vekk jaget etter økonomisk vekst og matinga av kapitalismen, i tillegg til at vi følgjer dei felles spelereglane vi har blitt samde om i det internasjonale samfunnet. Når tider er tunge, må vi vende blikket utover, ikkje innover. Om vi gjer det, trur eg vi er på god veg mot idealsamfunnet.

Middag med jomfru Maria

På fritida er Changemaker-leiaren glad i å lese, gå på tur og teikne.

– Eg er også glad i å dra på teater eller i Operaen når eg har høve til å sjå noko bra.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Eg ser litt for mykje på hjernedøde seriar, men har byrja å finne andre meir fornuftige ting å bruke tida mi på – som å høyre på podkast.

Ho høyrer på podkastar om internasjonal politikk, og tilrår Global Dispatches og The Truth of The Matter.

For å halde seg oppdatert følgjer Bergli sporadisk med på nyheiter heile dagen, og spesielt internasjonale kjelder som nyheitsbyrået Reuters.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? 

– Eg lurar veldig på kva Maria, mora til Jesus, eigentleg tenkte og kjende etter kvart som ho skjønte kven sonen hennar faktisk var, så eg ville gjerne invitert ho på ein god indisk middag. Eg ville laga panek paneer og funne noko god naan å servere!

Illustrasjonar: Canva

 

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? 

Omslag: Gyldendal

Bibelen, han vil gjere mykje for livet ditt. Og Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi er ei ekstremt god novellesamling. Ho beskriv menneske og kvardagen på ein innsiktsfull og reflekterande måte, som bevisstgjer deg på måten du lever livet ditt på. Den er også ei god påminning om at alle berre prøver sitt beste.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– I trashy-reality TV-ånd så ser eg ein del på The Kardashians, elles så tilrår eg alle som endå ikkje har gjort det, å sjå The Bear. Det er verkeleg ein av dei beste seriane der ute.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Vienna av Billy Joel får meg alltid i godt humør, og er ein go-to.