Anders Totland: – Tenk om barna mine tar hemn?
– Eg låg på sofaen då tanken plutseleg slo meg: kva om desse ungdomane i huset mitt plutseleg oppdagar kva eg har drive med i alle år? Alt eg har skrive og lagt ut på nett?, fortel forfattaren.

Denne saka var fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
Anders Totland har skrive ei bok om barn som tar hemn på foreldra sine.
Mamma på dass er namnet på boka, og ho handlar om ei jente og ein gut som nettopp har blitt tretten. Det betyr at dei endeleg kan laste ned og skape brukarar for sosiale medium.
Låg på sofaen då tanken slo til
Totland kom på ideen om barn som tar hemn på foreldra sine då han las ei anna barnebok.
– Eg låg på sofaen då tanken plutseleg slo meg: kva om desse ungdomane i huset mitt plutseleg oppdagar kva eg har drive med i alle år? Alt eg har skrive og lagt ut på nett? spurde han seg sjølv.
Han tenkte på alle dei vala som foreldre tar på vegne av barna sine.
– Vi tar ein heil drøss med val som på ein eller annan måte påverkar barna våre, seier Totland, som er far til tre.
Men ikkje berre er han far, han er òg ein son. Og han veit at det fanst val hans foreldre tok som påverka han, som han ikkje er så imponert over i etterkant.
– Tenk om det er sånn med mine barn, og at dei tar hemn?

Foto: Anders Totland
Skreiv utruleg mykje dumt på Facebook
Anders meiner at det blir mykje prat frå vaksne om kva som er lurt å leggje ut på sosiale medium i dag.
– Grunnen til at vi seier til barna våre at dei må ta gode val på sosiale medium, er fordi vi skreiv utruleg mykje dumt på Facebook, og har erfaring med å ta dårlege val, seier Totland.
Men han tykkjer barn no til dags tar mykje lurare val enn det folk gjorde rundt 2010.
Sette ikkje opp feller i huset
Ein ting som Anders er litt bekymra for når det kjem til boka si, er at vaksne ikkje skal la barna lese den.
– Det har allereie blitt kviskra i øyret mitt frå ein bibliotekar om ein rektor som sa at denne treng vi ikkje ha på skulen vår, fortel han.
Han er forundra over at folk framleis har tankar om at barn blir så påverka av det dei ser og les, at dei kan finne på å kopiere det.
– Eg såg filmen Home Alone kvar jul som barn, men eg har aldri sett opp feller i huset. Ikkje har eg brent ein vaksen i hovudet med strykejern heller.
Men han trur òg at om nokre barn blir fortalde at dei ikkje får lov til å lese boka, så er det større sjans for at barna les boka.
Vil at unge skal stille pinlege spørsmål
Mamma på dass har fleire ulike uttrykk. Dei kan føre til at unge stiller spørsmål til vaksne. Spørsmål som dei vaksne kan syns er pinlege!
– Eg trur det er den einaste boka i verda som nyttar dei tre uttrykka «å salige såpekokar», «fy flate, karate» og «Milf», seier Totland.
Men for han er jobben gjort, dersom barn og tenåringar stiller spørsmåla som lærarar og foreldre kan oppfatte som pinlege.
Årets flauaste barnebok
Og så er det ein ting til Totland må seie ifrå om.
– Denne boka er full av teit pappahumor, seier han.
Han opplever at pappahumor blir tatt overraskande bra imot av barn. Og ikkje naudsynt «bra» på ein positiv måte.
– Det betyr ingenting for meg om ungen som les det ler hjarteleg fordi dei tykkjer det er dødsgøy, eller om dei ler med puta foran ansiktet for dei tykkjer det er så kleint. Det er same verdi for min del.
Derfor tykkjer Anders òg at det er ein vakker tanke at boka blir lese høgt av lærarar.
– Det er trass alt årets flauaste barnebok, seier Anders, før han legg til:
– Det er eg nesten heilt sikker på.