Brasiliansk nonne er eldste person i verda
Den brasilianske nonna Inah Canabarro Lucas, fødd i 1908, er no den eldste levande personen i verda med sine 116 år. Ho tek over tittelen etter japanske Tomiko Itooka, som døydde laurdag.
Denne saka vart fyrst publisert hjå systeravisa vår, Framtida Junior.
Canabarro Lucas, fødd i Sør-Brasil, levde eit spennande liv. Ho gjekk på internatskule, vart nonne i Uruguay og underviste seinare i Rio de Janeiro, skriv VG.
Trass i dårleg helse som barn og smitte med covid som 113-åring, overlevde ho. Familien meiner at spiritualitet, omsorg for andre og faste rutinar har vore nøklane til det lange livet hennar. Ho fylgjer dagleg rutinar for måltid, bønn og søvn, trass utfordringar med syn og høyrsel.
I YouTube-videoen nedanfor i saka kan du sjå Inah Canabarro Lucas.