Framtida.no søkjer sommarvikarar og bokmeldarar
Har du lyst til å laga engasjerande nyheitssaker eller melda bøker for unge lesarar? Her får du ein unik sjanse!
Framtida.no søkjer tre sommarvikarar. I tillegg søkjer me to frilans bokmeldarar. (Les meir lenger nede i saka).
Tre sommarvikarar
Skriv du god nynorsk, er engasjert i samfunnsdebatten og brenn for å laga engasjerande og viktige nyheitssaker for unge lesarar i alderen 15–25 år?
Framtida.no og nettmagasinet Magasinett søkjer tre sommarvikarar til sommaren 2025.
Me søkjer både deg som har journalistisk erfaring, og deg som er nyfiken og har lyst å læra meir.
Journalistisk utdanning og erfaring er ein fordel, men er du skrivekyndig med teft for gode saker som kan engasjera unge lesarar og skapa debatt, er du riktig person.
Framtida.no kan tilby eit positivt og lærerikt journalistisk miljø, der du får ansvar og høve til å forma eigne saker. Me gjev grundig opplæring og rom til å forma eigen arbeidskvardag utifrå evner og interesser.
Arbeidsoppgåvene består i å finna og produsera eigne saker, lesa korrektur på eksternt eller internt produsert stoff, sosiale medium og deskarbeid.
- LES OGSÅ: Er du interessert i journalistikk for barn? Sjå denne stillingsutlysinga for vikariat i Framtida Junior!
Bokmeldarar
Framtida.no og Magasinett satsar på kulturkritikk og meldingar av både film, seriar, spel og bøker. Her kan du lesa bokmeldingane våre.
Me søkjer no etter to nye frilans bokmeldarar som følgjer med på norsk litteratur, og har lyst å prøva seg som frilans bokmeldar.
Både erfarne og mindre erfarne bokmeldarar er velkomne til å søkja. Framtida.no les alltid grundig korrektur og kjem med tilbakemeldingar på tekstane.
Me legg opp til om lag ei bokmelding i månaden, men kan justera talet etter behov.
Om Framtida.no
Framtida.no har kontor i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Redaksjonen tel i dag fire fast tilsette og éi deltidsstilling.
I tillegg samarbeider Framtida.no med Framtida Junior, som har delt kontorplass mellom Stord og Oslo.
Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengig.
Magasinett er eit nettmagasin som samarbeider med Framtida.no og er integrert på nettsidene våre.
Kontaktinformasjon
Framtida.no er opptekne av representasjon og oppmodar alle kjønn, personar med funksjonsvariasjon og andre med minoritetserfaring til å søkja stillingane.
Spørsmål om stillingane kan rettast til redaktør Andrea Rygg Nøttveit, tlf.: 48140342
Søknadsfrist: 25. februar 2025
Send søknad med cv og arbeidsprøvar til e-post andrea @ framtida.no. Presiser gjerne kor lenge og i kva tidsrom du kan jobba.