Kunnskapsministeren: Digitaliseringa av norsk skule har feila

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) går i rette med skjermbrukutvalet på fleire punkt. Ho meiner digitaliseringa av norsk skule har feila.

NPK-NTB
Publisert

– Ja, eg meiner det. Eg hadde trudd at vi skulle hatt betre digitale ferdigheiter. Vi har trass alt brukt mykje ressursar på det i norsk skule, seier kunnskapsministeren til Klassekampen.

Tysdag kom den internasjonale undersøkinga ICILS, som viser at fire av ti norske niandeklassingar skårar på dei lågaste nivåa i digital kompetanse. Dagen før kom det regjeringsoppnemnde skjermbrukutvalet med rapporten sin. Utvalet har undersøkt skjermbruken til barn og unge i barnehagen, skulen og på fritida.

Usamd med utvalet

I tillegg til å slå fast at digitaliseringa av norsk skule har mislykkast, går Nordtun også i rette med skjermbrukutvalet på fleire punkt.

Utvalet konkluderer med at det er umogleg å slå fast om digitaliseringa i sum har ført til betre eller dårlegare resultat i skulen. Nordtun er usamd, og slår fast at skjermbruken har ført til dårlegare læring.

Nordtun ønskjer at staten skal setje ei aldersgrense for å bruke sosiale medium til 15 år, noko som er i strid med råda frå utvalet.

Utvalet vil ha inn meir såkalla profesjonsfagleg digital kompetanse i skule og barnehage, medan Nordtun ønskjer at lærarar i barnehagen og på skulen skal få bruke mindre skjerm og fleire trykte bøker.

Skjermbrukutvalets rapport er no send ut på høyring.

Høgre reagerer: – Totalt kunnskapslaus

Høgres utdanningspolitiske talsperson, Margret Hagerup, reagerer på utsegnene frå Nordtun.

– Tilnærminga kunnskapsministeren har til debatten er totalt kunnskapslaus. Ho bør lytte meir til lærarane som står i klasserommet kvar dag enn til enkelte foreldre som ikkje har sett foten sin i eit klasserom i undervisningssamanheng, seier ho i ein kommentar til NTB.

Skjermbrukutvalet konkluderte med at skjermbruk kan gjere det vanskelegare å sovne og gi dårlegare søvn, og at det kan utfordre konsentrasjonen og læringa til barn og unge.

– Må tilbake på eit betre spor

Samtidig understreka utvalet at barn og unge også opplever mange gleder og positive sider ved sosiale medium og digitale spel.

– Skjermbrukutvalet er tydelege på at vi må tilbake på eit betre spor, der vi også erkjenner at «skjermbruk» er ein integrert del av livet til barn og unge. På godt og vondt, seier Hagerup.

– Då er det synd at kunnskapsministeren vel å sjå bort frå kunnskapsgrunnlaget som no ligg føre, og held fram med å leggje opp til ein polarisert debatt, seier ho.