Narkissos-komplekset

Norske forfattarar har ikkje lenger eit privatliv.

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det sjølvbiografiske har blitt ein nye litterære vin og feinschmecker-trend i norsk samtidslitteratur. Dei nyaste binda i den norske bokheimen driv med smertefull sjølvutlevering, sjeleleg årelating og psykologisk nærgransking. I motsetnad til kva ein kanskje kunne vente, er ikkje forfattarane i fortroppen for dette framspranget i norsk litteratur tomme posørar eller diktarar som fell saman under vekta av det middelmåtige. Det er ikkje skribentar som ser seg nøydd til å skrive om seg sjølv i mangel på kreative idear, men påskjøna, talentfulle forfattarar som Tomas Espedal, Beate Grimsrud og Karl Ove Knausgård. I ei tid der det objektivt forståelege glir lengre og lengre bort, har forfattarane snudd seg mot seg sjølv i søken etter svar.

Litteraturhistorisk er ikkje tendensen grovt sett vanskeleg å plassere. Den sjølvbiografiske tildraginga kan med rette sjåast som eit postmoderne fenomen. Kva er postmodernisme? Postmodernismen er det som gror fram frå grava til ideologiar som ikkje lenger har berande makt. Den er ein åndeleg dødskamp. Den erkjenner at verda er så kompleks at me som einskilde menneske ikkje kan forstå henne, at samtida fyrst og fremst har formløysa som sitt stempel. Den er å likne med eit tempel utan tak, ein falk utan venger. Å vende blikket innover blir slik ein forståeleg reaksjon på tidsånda: Når verda ikring deg er ugripeleg, lyt du finne annan grunn å feste føtene på. I andedrag med den franske eksistensialismen er det berre du sjølv – individet – som kan fylle livet med meining. Du må skape di eiga sanning. I ein raskt akselererande tidsalder er det den subjektive, individuelle opplevinga som konstituerer orden i tilværet. Den sjølvbiografiske vendinga kan sjåast som ein naturleg evolusjon, i den grad sjangerblanding og metafiksjon er typiske stempel for den postmoderne litteraturen. Sjølvbiografiske bøker blandar gjerne saman sjangrar som romanen, novella og essayet i ei salig sjangersuppe. Og metafiksjonen, der sjølve skriveprosessen blir innlemma i teksten, minnar mykje om eit sjølvbiografisk grep. Når ein ung Edvard Hoem hoppar inn i handlinga i Kjærleikens ferjereiser, er ikkje vegen fram til sjølvbiografiens form og vesen lang.

Men dette nye utspringet i litteraturen handlar ikkje berre om intellektuelle strømmingar og kunstneriske nybrottsbølgjer. Einkvan som har eit visst oversyn veit at litteraturen med tida har kome under påverknad av populærkulturen. Frå 1980-talet har det markante skiljet mellom såkalla høgvyrd litteratur og den lågare folkelesnaden blitt meir utydeleg enn før. Og rørsla går mest nedover: Seriøse forfattarar dreg meir enn gjerne vekslar på populærkulturelle uttrykk. Her kan ein trekkje fram Frode Grytten, som har den populærkulturelle intertekstualiteten som eitt av sine typiske varemerke. I novellene hans finst tilvisingar til fleire karakterar i populærkulturens typegalleri, frå Morrissey til Muhammed Ali. Ein skal kanskje vere varsam med å gjere populærkulturen til ein katalysator for litterære endringar. Sume vil nok hevde at populærkulturen fungerer dårleg som kontrastvæske, sidan det ofte er vanskeleg å syne fram ein direkte påverknadsline som ikkje går langs det umedvitne og utilsikta. Når det er sagt, er det lite kontroversielt å seie at litteraturen alltid blir påverka av samfunnet det oppstår i. Det er vel ingen som lenger trur at litteraturen er ein opphøgd oase som er tidlaus og upåverka av spenningane i tida. Jamvel om litteraturen ikkje ope tek populærkulturens motiv og tematikk til mønster, er det grunn til  å tru at mange av dei verdiane som blir uttrykte på det populærkulturelle lerretet òg fargar av på den seriøse litteraturen.

Med Jan Kjærstad som eit heiderleg unntak har det vore få freistnader på  å setje rørsla i retning av det sjølvbiografiske og private i eit kritisk søkjeljos. Kva som er grunnen til det kan ein berre spekulere i. Men det er vel ikkje særleg på moten i våre dagar å stille spørsmål ved den moralske gehalten i eit litterært verk. Det er lenge sidan det var gjengs at litteraturen skulle understøtte samfunnsmoralen, og historia syner at dei som stiller moralske fordringar til litteraturen endar opp som betente blindtarmar på litteraturens kropp. Kanskje har det òg med å gjere at bøkene til forfattarar som Tomas Espedal trass alt held eit så høgt litterært nivå, at det overskuggar behovet for kritisk diskurs. I staden får me ei nokså ukritisk hylling av forfattarar som bryt ned tabuet om privatlivets fred, og legg ut i det vide og det breie om psykiske lidingar, alkoholmisbruk, slemme fedrar og manglande identitet. Kort sagt det meste som samanfattar eit vanleg menneskeliv.

Kva er det så ein kan kritisere den subjektive vendinga i litteraturen for? Fyrst og fremst meiner eg det er eit trist symptom på tida me lever i når forfattarane vender spegelen og rettar blikket mot seg sjølv. Det syner at ein sjølv har blitt fyrste etiske instans for subjektet. Altså er det ikkje den andre sitt andlet, for å seie det med Emmanuel Lévinas, som er den viktigaste etiske kategorien, men individet sjølv. I forlenginga av dette har forfattaren slutta å skrive om andre, og endra fokus over på seg sjølv. Såleis får me ein eksistensiell grunntone i seinare litteratur kvar det er forfattarens liv og lagnad som blir sentralt, heller enn medmenneskets. Utviklinga syner korleis den store maskina som er det 21. hundreåret har gjort verda til ein stad der eg-et er vegen, sanninga og livet. Hovudsaken er å bli sett, ikkje å sjå. Det gjeld å tale heller enn å lytte, å tvinge seg fram snarare enn å drage seg attende. Den sjølvbiografiske vendinga har teke opp i seg samfunnets personfokus, egoisme og sjølvsentrering. Kanskje er det mogleg å hevde at den sjølvbiografiske romanen er attervendinga til den mytologiske, romantiske forfattar-figuren. Det merkelege, uforståelege overmennesket som står i kontakt med guddomlege makter og lever midt i det menneskelege brennpunktet.

Ei naturleg innvending til dette synet vil vere at ein alltid har skrive bøker med utgangspunkt i forfattaren sitt eige liv og røynsler. Eg er sjølvsagt klar over at det aldri har vore slik at ein forfattar hentar inspirasjon ut or det blå. Men det springande punktet er at dagens sjølvbiografiske romanar ikkje har det sjølvbiografiske som inspirasjon, men som grunnlag. Det er eit sjølvstendig poeng ved sjølve teksten at dette er skrive frå mitt – forfattaren – sin ståstad. Føremålet er sikkert å gje teksten større spenn og sterkare nerve, men etter kvart som at det sjølvbiografiske har blitt vanleg i litteraturen, avslørar det sjølvbiografiske grepet seg meir som ein pompøs snubletråd eller ein sjølvglødande staffasje i høgste potens – ein kan samanlikne det med naboen som dekorerer  husveggane med julelys i adventstida: Ein kan sympatisere med entusiasmen og den komande straumrekninga, men det finst gudskjelov berre ei religiøs høgtid i løpet av året med sympati for kitsch-dekor av det slaget.

Men skal heller ikkje bli for uforsonleg i kritikken. Eg forstår som sagt at det går an å gravitere mot det personlege og partikulære i møte med ei modernisert koloss-verd kvar mektige pengar og verdimessig relativisme er det nye tusenårsriket. Eit samfunn der sjølvrealisering og sosiale media fører oss endå lenger bort frå kvarandre, og kvar definerande identitetsband som til dømes familie og arbeid blir stadig meir veikt og fluktuerande. Forfattarar som Knausgård, Grimsrud og Espedal har skjønt at identitet på terskelen til det 21. hundreåret er noko ein lyt framkalle sjølv, og at det er noko ein kanskje kan definere med penn i hand. Alle som har røynsle med å skrive, veit at skriving er å fullbyrde tankar. Ein tenkjer i brokkar, men for å få tanken på papiret må ein binde tankane inn i ein forståeleg heilskap. Slik sett kan det å skrive sitt eige liv vere ein måte å skape ein samanheng, ein freistnad på å setje eit bilete inn i ei råme. Ein skal heller ikkje gløyme at det òg fins ein varig fascinasjon for det personlege i det menneskelege sinnet. Legenda om Narkissos, den vene guten som forelska seg i sitt eige spegelbilete, er mektig stoff òg i ei hypermoderne verd. Men denne fascinasjonen ved det subjektive treng ikkje føre fram til død, som i tilfellet Narkissos. I Menneskets lodd av André Malraux finst ei forvitneleg scene der Kyo, ein av bokas hovudpersonar, høyrer si eiga røyst på ei grammofonplate og ikkje kjenner henne att. Han blir overraska og fascinert fordi han gjennom denne opplevinga ser seg sjølv utanfor seg sjølv. Han har sett seg sjølv som objekt i tid og rom, i motsetnad til det subjektet han er van med å rekne seg som. Å sjå seg sjølv slik vil seie å erkjenne det relative ved sin eigen eksistens. Han innser at han er ein del av den menneskelege malstraumen, at han berre er ein liten organisme underkasta tidas verknad. Hendinga er skakande fordi Kyo for fyrste gong ser seg sjølv gjennom noko anna enn ei subjektiv hinne – som alltid vil forstørre og gjere vår eigen eksistens meir viktig – og innser at han er like liten og sårbar som alle andre.

For meg er denne episoden i Malraux sin klassiske roman ein god illustrasjon på kvifor det er viktig å skrive bøker med eit anna utgangspunkt enn den subjektive hinna. Eg meiner det er øydeleggjande og destruktivt, ja, tilmed eit svik mot litteraturen å fokusere på seg sjølv og sin eigen lagnad i ei verd kvar det finst så mykje urettferd, fattigdom og liding. Litteraturen er eit rom med enormt potensiale for å skape samkjensle og samhald mellom menneske. Å nytte åndsmaktene til å skrive om seg sjølv og sin eigen kamp, er å ikkje utnytte litteraturen denne moglegheita for samnøyte. Vegen til fellesskap går gjennom hjarto, ikkje intellektet. Og i ei tid som skrik etter sameksistens, humanisme og anti-materialisme må forfattarane ha høgare vyar enn å skrive lett tilslørte kunstnarromanar eller den store soga om seg sjølv. Dersom ein godtek at all eksistensialisme har i seg eit premiss om at livet er ein stad for liding, lyt forfattaren ta innover seg den lidinga som omsluttar han på alle kantar, heller enn å stramme knuten kring si eiga smerte. Forfattaren må vere som hovudpersonen i En landsbyprests dagbok av Georges Bernanos. Den unge, samvitsfulle og sjuklege presten som freistar å nå fram til soknebarna sine, men forblir ein einsam og isolert person i lokalsamfunnet. Likevel har han stor medkjensle og sympati for menneska i bygda. Og trass i det fysiske skiljet tek han opp i seg all den smerte og liding som rår i kyrkjelyden hans. Han slit med store fysiske plager  og sjelelege pinsler, men nyttar heller denne lidinga som drivstoff til å infiltrere lidinga som rår grunnen allstad ikring han. Han koplar med andre ord sine eigne sår opp i mot den kollektive, samkjente lidinga han finn hjå medmenneska sine. Han opphevar seg sjølv, han utslettar seg sjølv i kjærleik for det andre mennesket. Han ber krossen sin utan å klage, han er ein kristusfigur som utfører eit stille, udramatisk martyrium i namnet åt nestekjærleiken. Gjennom litteraturen utvidar ein røynda, og gjennom det lidinga som er ein del av røynda, slik Bernanos sin prestefigur utvidar sitt eige rom for liding. Det er ein poetikk som ligg bortanfor den rasjonelle fornufta, ein stad langt inne i det sanselege. Difor er det nok best å ikkje argumentere for det. For den som tenkjer at dette berre er tåpeleg idealisme og vidløftige påfunn, vil eg heller innskrenke meg til å sitere eit utdrag frå prosadiktet «Nå skal jeg snakke om håpet», som Cesar Vallejo skreiv om den kollektive smerta:

Jeg lider ikke denne smerten som Cesar Vallejo. Jeg gjør ikke vondt nå som kunstner, eller som menneske, ikke en gang som et ganske enkelt levende vesen. Jeg lider ikke denne smerten som katolikk, som muhamedaner, ikke en gang som ateist. I dag lider jeg bare. Om jeg ikke hadde hett Cesar Vallejo, ville jeg også lidd den samme smerten.Om jeg ikke hadde vært et menneske og ikke engang et levende vesen, ville jeg også lidd den. Om jeg ikke hadde vært ateist, katolikk eller muhamedaner, ville jeg også lidd den. I dag lider jeg lenger nedenfra.I dag lider jeg bare.Jeg gjør vondt nå uten forklaringer. Smerten min er så dyp, at den ikke har årsak lenger eller mangler årsak. Hva skulle vært dens årsak?Hvor er det som er så viktig, at det har opphørt med å være dens årsak? Intet er dens årsak; intet har opphørt med å være dens årsak.

Til slutt er det kanskje dette eg vil at litteraturen skal atterspegle: lidinga lenger nedanfrå. Det eg fryktar er at den sjølvbiografiske litteraturen ser verda gjennom ein subjektiv distanse der den kosmiske lidinga blir minimert til fordel for det private dramaet og det personlege kjenslelivet. Å gjere seg sjølv til hovudperson er å innskrenke verkelegheita til det personlege og partikulære, slik at ein ikkje lenger ser det eksistensielle skodespelet som utspelar seg til alle kantar og hjå alle menneske. Vesterlanda treng ikkje meir dyrking av individet, sjølvrealisering og tanketom materialisme, men ein litteratur som søkjer å sprenge ut nye fellesskap, ein kunst som hogg fram humanitet på eit kynisk kontinent, eit språk som skaper affektive relasjonar heller enn å springe fram or eit individuelt behov. Litteraturen lyt vende seg bort frå Narkissos-komplekset og heller ta den vanvyrda og ulukkelege Ekho til førebilete – ho som tok til seg orda til dei andre.

Først publisert på Magasinett.