The Apprentice – eit slags ingenmannsland

Ali Abbasi sitt blikk på Donald Trump sin tidlege karriere har ikkje slått an i statane, og mannen sjølv er alt anna enn nøgd. Framtida sin meldar Jenny Lund er meir positiv, om ikkje heilt selt.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

New York, 1973: Donald Trump fryktar at selskapet han driv saman med faren vil bli felt i retten for brot på byen sin Fair Housing Act, men hellet snur når han får oppmerksamheita til Roy Cohn, ein nådelaus advokat og dedikert patriot.

The Apprentice

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk
Regi: Ali Abbasi
Noregspremiere: 18.10.2024
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Drama, biografi
Speletid: 2 timar og 2 minutt

Cohn, som ser mykje av eg sjølv i den unge, ambisiøse forretningsmannen, vert ein nær venn, men kor langt kjem ein eigentleg med vennskap i ein verd der det er den sterkaste sin rett som gjeld? Legg til familiedrama og ung kjærleik, og så har me fullt kaos.

Biografi, eller?

Det er feil å tolka The Apprentice som «Trump: The Movie». Klart, han er den ein føljer nærmast, men det finst ingen lærling utan ein meister. Det er Roy Cohn og innflytinga han hadde som definerer tidsrommet her.

Filmen forsøkjer med det ikkje å vere ein komplett biografi. Ved å leggje fokuset sitt på forholdet mellom dei to mennene, tek han ikkje berre tak i ein interessant dynamikk mellom to ekte, mektige skikkelsar, men set også tenna i ein breiare problematikk om alle-mot-alle-kapitalisme og den erkeamerikanske draumen om å vere ein ‘self-made man’.

Å lage ein biografisk film er aldri heilt uproblematisk, og eg kan for så vidt forstå kvifor mange ikkje var heilt nøgde då dei høyrde at livet til presidentkandidat Donald Trump skulle portretterast på kinolerretet same år som USA skal velje sin nye leiar. Det talar også dei ganske labre besøkstala der om.

For motstandarar vert filmen kanskje for nær mannen dei hatar, og Trump sine tilhengjarar har fått klar beskjed frå han om at heile filmen er løgn og bedrag.

Atterhald

The Apprentice opnar med ein beskjed der det takast atterhald for at sjølv om filmen er basert på verkelege hendingar, er fleire scenar fiksjon, samtidig som namn er endra. Det er forståeleg, og gjeld nok for langt fleire filmar enn dei som vil innrømme det. Likevel endar det opp med å leie The Apprentice inn i eit slags ingenmannsland: Den er ikkje
«den sanne historia», men heller ikkje ein satire, som eg eigentleg trur kunne vore meir interessant.

Manuset byr på samtalar som er både sjokkerande og tidvis morosame, men eg fekk aldri heilt hakeslepp. Med tanke på kor kontroversielle og interessante Trump og Cohn, uavhengig av kva ein sjølv tenkjer om dei, er og var, føler eg rett og slett at filmen kunne vore enda sprøare. Han er rett og slett litt for vanleg.

Grums og glamour i New York

Nokre kule grep held filmen frå å vere ein heilt standard affære, blant anna måten det estetiske uttrykket endrar seg samen med korleis filmen beveger seg i tid.

Mens dei tidlege scenane sett til 70-talet ser ut som om dei er skote på 16mm film, gir dei dansande filmkorna etter kvart plass til TV-formatet sine attkjennande scan lines.

Filmen bruker ein del arkivmateriale, som takka vere det skiftande formatet ikkje skil seg så mykje ut, men eg tenkjer at effekten på stemninga er minst like viktig.

Kanskje er det berre min personleg smak, men det er noko meir autentisk over dei kornete bileta i starten. Jo meir filmen liknar eit TV-program, jo meir oppsett verkar det heile. Det er skapinga av Donald Trump, stadig nærmare sånn me kjenner han i dag.

The Apprentice er solid, men vart noko seig i løpet av dei to timane han varar.

Mogleg er det berre eit spørsmål om smak, men eg vart gradvis mindre investert då friksjonen i handlinga vart meir personleg.

Tidleg i filmen får ein sjå New York på 70-talet som ein by plaga av pengemangel og kriminalitet, og sjølv om ein veit at det ikkje akkurat går dårleg for hovudpersonen, får ein sjå den aktivismen som kjempar mot alt han står for.

Det verker ikkje umogleg at det heile kan ramle saman, at det vert dei fattige sine rettar som tel mest, ikkje skattelette til dei rike. Så klart skjer det likevel ikkje, og ein vert sittande å sjå på eit veksande Trump-imperium.

Det når punktet der ein forstår at mannen Donald Trump vert så godt som urørleg, slik at berre det personlege dramaet med venar og kjende vert igjen.

Det er tematisk passande, og eg meiner ikkje at filmen burde ha ljuge på seg dramatikk som ikkje fanst, men eg sakna likevel gnissingane frå verda utanfor.

Kinobesøk og kunnskapsjag

Trass i dette pirket, er eg glad eg fekk sett The Apprentice, og om temaet er interessant for deg personleg kan eg trygt anbefale han.

Skodespelet er strålande, lydsporet er særs dansevenleg, og eg blei genuint interessert i finne ut kor mykje av handlinga som er basert på nokolunde etablerte fakta.

Slutten er også eit dystert høgdepunkt: Den metaforiske sirkelen vert slutta på eit vis som er like tilfredsstillande som det er frustrerande.

Som ein som ikkje eigentleg er så begeistra for New York-kapitalistar generelt hadde eg ikkje akkurat så mykje kunnskap om Trump før han vart president, og eg var faktisk ikkje kjend med Roy Cohn i det heile tatt.

Eg veit ikkje kor spennande filmen er for dei som er meir kjent med hendingane han dramatiserer, men for meg vart det ein ganske fascinerande historietime om nokre ekstremt kjipe folk.

Det har vore mykje Wikipedia-faner oppe dei siste dagane, for å seie det sånn, og den læringsgleda kan eg berre takke Abbasi for.