Kven er verst? Køyr debatt!
Endelig synest eg vi er tilbake på sporet. Det såg stygt ut lenge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kalvø: Kven er verst?
Det var ein gong det var enkelt å vite kva ein skulle meine i diskusjonar om innvandring og integrering. Vi var mot rasistar, sjølv om rasistar berre var noko vi hadde høyrt om og sett på tv. Og vi var for alle minoritetar, sjølv om vi i liten eller ingen grad pleidde daglig omgang med nokon som tilhøyrde slike. Det var enkelt. Det var ei fin tid. Det var orden på ting. For eller mot. Slik vil vi ha det.
Men så begynte alt å bli komplisert. Det viste seg at det finst folk som tilhøyrer minoritetar, men som ikkje er hyggelige i det heile tatt. Det finst til og med folk som tilhøyrer minoritetar, og som misliker andre minoritetar. Det finst naturligvis også majoritetsfolk som ikkje er det minste hyggelige. Så dette burde kanskje ikkje ha komme som ei stor overrasking. Men det var likevel skuffande. Og gjorde alt mykje vanskeligare. Og så blei alt så alvorlig. Og så begynte mange som var fornuftige å meine ting vi ikkje trudde vi skulle meine. Alt var uoversiktlig og forvirrande.
Så då begynte vi å engasjere oss i andre saker i staden. Det var greiare slik.
Og det er alltid noko å engasjere seg i.
Det skjer jo ting heile tida.
Plutselig køyrer Petter Northug køyrer i fylla, for eksempel. Og det går greitt å engasjere seg i det. Det er jo alltid artig når redaktørar og kommentatorar med enorm patos meiner ting som absolutt ingen er ueinige i, for eksempel at det ikkje er spesielt sympatisk å køyre i fylla, krasje, stikke av og skulde på kompisen.
Plutselig får Märtha kritikk frå kristne fordi ho samarbeidar med nokon som snakkar med dei døde. Det går det også greitt å engasjere seg i. Det har alltid ein viss underhaldningsverdi når religiøse folk blir rasande fordi andre folk er overtruiske på ein annan måte enn dei sjølve.
Så det er ikkje det at vi kjedar oss. Men vi har hatt ei litt ugrei kjensle av at desse sakene vi driv og engasjerer oss i kanskje ikkje er så store og viktige.
Då er det annleis med innvandring, flyktningar, integrasjon. Der er vi inne på mykje som er stort og viktig. Som seier noko om kven vi er, kva slags samfunn vi vil ha, kva slags menneske vi ønskjer å vere, og om konsekvensane av krig og nød for oss som bur eit stykke unna nærmaste eksempel på slikt. Så eigentlig skulle vi ønske at vi det var dette vi var opptatte av. Men det har vore så vanskelig. Lenge.
Heilt til no. Heilt til førre helg. Då var det val i Sverige, og det ikkje spesielt sentrumsorienterte partiet Sverigedemokraterna blei det tredje største partiet. Dei inntok pallen, akkurat som Frp. Og dei er visstnok mykje verre enn Frp.
Og vips! Endelig er debatten tilbake på eit spor vi kan like: Kven er verst? Folk i Sverige eller folk i Norge?
Det går det an å engasjere seg i.
Er det som nordmennene meiner, at svenskane er teite som har vore så feige og redde for å bli kalla rasistar at dei har latt vere å diskutere innvandring og integrering i det heile, og derfor har dei no fått eit ganske rasistisk parti inn i Riksdagen?
Eller er det som svenskane meiner, at nordmennene er teite som trur vi har vore så modige og tøffe i innvandringsdebatten, men eigentlig så har vi berre blitt bittelitt rasistiske, heile gjengen?
No er det orden på ting igjen. Norge eller Sverige. For eller mot. Slik vil vi ha det.
Det er godt å kjenne at ein er opptatt av noko viktig igjen. Märtha klarer seg sikkert utan oss i nokre veker.
Denne teksta stod først på trykk i Aftenposten.