Echoes of Wisdom – noko folk i alle aldrar kan nyte

I Echoes of Wisdom går du frå å spele Link til å spele Zelda. Meldar Anette Fadnes Marcussen følte seg både utfordra og avslappa.

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 14.10.2024 09:10

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Eg trur Zelda-fans indirekte har venta på dette spelet sidan det aller fyrste Zelda-spelet kom ut.

Frå Link til Zelda

Som mange andre, trudde eg, i ein alder av kanskje 10, at eg spelte som Zelda sjølv i eitt av dei eldre spela.

Etter å ha spelt både Breath of the Wild, Tears of the Kingdom, Skyward Sword og til og med Super Smash Bros. Ultimate i løpet av dei siste fire åra, er eg no sjølvsagt fullt klar over at ein spelar som Link.

Eg har alltid lurt på kvifor det då heiter «The Legend of Zelda» og ikkje heller «The Legend of Link». Det høyrest betre ut? Ein kan diskutere om det at ein reddar jo faktisk Zelda, og at ein får mykje av historia hennar gjennom spela, men likevel var det noko med tittelen som var misvisande for born som spelte, og trudde dei var Zelda.

Det er ikkje lengre eit problem, heldigvis! Ikkje i dette spelet i alle fall. For no spelar du som Zelda!

Liten plottblottar

Då eg opna spelet og såg at eg var Link, lurte eg litt på korleis dei skulle gjere den overgangen til Zelda, men det blei fort forklart.

No kjem forklaringa av starten til spelet, så dei som vil oppleve den sjølv burde hoppe fram til grafikkar. 

Du startar som Link inne i eit slott, og lærer basisen til spelet: hopp, slå og blokk med skjold. Du går forbi eit par monster, forbi nokre falne mursteinar og liknande, og til slutt opp ei lang trapp. På slutten av denne trappa ser du eit stort monster, og Zelda, fanga inne i ein slags krystall. Eg tenkte at no skulle eg slå dette monsteret eit par gongar, og så kjem det eit stort slag som drep Link, og så tar me det derfrå. Men nei, eg vant mot monsteret, og sat der og følte meg litt stolt. Det var no den faktiske overraskinga kom, for etter at monsteret forsvann, kom det ei stor rift i bakken som slukte Link heil. Mens han fall, skaut Link ei pil i krystallen til Zelda, som skapte ein sprekk.

Zelda var no åleine i rommet. Og det er no du spelar som ho. Du knusar deg ut av krystallen og tar med deg kappa Link la igjen.

No byrjar spelet på ekte, og eg hadde allereie fått eit veldig godt fyrsteinntrykk.

Grafikk: 6/6 Terningkast 6

Dette spelet brukar same stil som Link’s Awakening frå 2019. Søte, glatte og leiketøy-aktige figurar. Det brukar og sterke fargar heller enn svake og mjuke, noko som passar stilen veldig godt. Eg vil tru at denne leiketøystilen appellerer til born spesielt. Ein ting eg og synest blei gjort bra, var korleis dei svarte knappeauga til karakterane veldig enkelt kan gjerast raude, for å indikere at karakteren er ein fiende. Det er ein lett, men effektiv måte å gjere det på, som dei aller fleste vil forstå kva betyr. Eit eksempel på godt gjennomført speldesign.

Det er sjølvsagt ein stor bonus at Tri, hjelparen din, er det søtaste nokon har designa nokon gong.

Historie: 4/6

Terningkast 4

Historia her er at Zelda må redde Link og dei andre som har falle gjennom desse «riftene». Riftene opnar seg på det som verkar som tilfeldige plassar, og både hus og folk og alt fell gjennom. Dei oppfører seg mykje på same måte som når jorda lager rifter i bakken.

Forskjellen frå Echoes of Wisdom og verkelegheita derimot, er at i spelet kan Zelda og Tri hoppe inn i riftene og fikse dei. Tri og vennene deira sin jobb er nemleg å fikse desse riftene, men vennene til Tri har forsvunne, og utan dei kan ikkje Tri gjere noko. Det er òg grunnen til at riftene har blitt eit problem for vanlege folk i spelet. Så jobben til Zelda er no å reise rundt og fikse rifter og redde dei som har falle gjennom, så verda kan bli normal igjen.

Eg tar meg sjølv derimot i å ha det mykje kjekkare med å løyse gåter og puslespel enn å lese dialogen i dette spelet. Dialogen er veldig enkel, og den legg veldig mykje vekt på «å nei, me må hjelpe» i staden for å finne noko meir unikt å seie. Det blir veldig mykje det same uansett kvar eg drar, kjenst det som.

På grunn av dette trur eg dialogen er meir retta mot born, så dei har ein enkel historie å forstå, med eit godt mål å følgje. Med det i tankane er det ein veldig god historie for eit yngre publikum.

Innhald: 6/6 Terningkast 6

Echoes of Wisdom er fyrst og fremst eit «puzzle» spel, der ein løyser gåter og puslespel for å komme seg vidare. Eg, som spelar ein del av denne typen spel, sat fast på eit par av desse ei stund. Desse problema ein må løyse er mange, og veldig varierte. Det kan vere så enkelt som å komme seg over ein litt høg kant, eller å finne brikker som passar saman, men plutseleg må du løyse ei gåte, og finne figurar over heile kartet som gir deg svaret. Figurane er òg veldig godt gøymde.

Ein av hovudfunksjonane i Echoes of Wisdom er ein stav du får av Tri, karakteren som hjelper deg gjennom heile spelet. Med denne staven kan du lage «ekko» av ting du ser rundt deg. Om du lærer ekkoet til eit bord du ser, kan du no lage dette bordet kvar og når du vil. Denne funksjonen funkar òg på fiendar, og moglegheitene her er uendelege. Eg har ikkje opplevd denne typen slåsting i spel utanfor Pokémon. Du kan lage ekko av ein fiende, og fienden vil no kjempe for deg. Det er så utruleg kult å kunne stå på sidelinja og sjå den store haien du fann i sjøen i eit hjørne av kartet totalt øydelegge dei andre fiendane.

Det er òg ein ting eg ville snakke om, det at du fritt kan gå til eit hjørne av kartet. Eg forventa ikkje i det heile at Echoes of Wisdom skulle vere så fritt og opent som det er, men det er faktisk eit «open world»-spel. Sidan eg elskar denne sjangeren innan spel, blei eg veldig positivt overraska. Viss du går til ein by og startar eit oppdrag, kan du berre gå derfrå og begynne å gjere noko anna på andre sida av verda viss du vil det. Det i seg sjølv er veldig friande, og det er veldig fint viss du føler at du sit fast ein stad.

Lyd og musikk: 5/6 Terningkast 5

Fyrste gongen eg la frå meg spelet, tok eg meg sjølv i å nynne på ein gamal, kjend Zelda-melodi. Dei har brukt nokre av dei same gamle melodiane som fans er så glad i, og gjort dei litt «nyare». Eg personleg likar dette veldig godt, og likte musikken i Echoes of Wisdom godt.

Ein lydeffekt eg fort blei veldig glad i var lyden som kom når eg trykka vidare i dialog. Eit veldig enkelt, men tilfredsstillande klikk som minna litt om tidlege iPhone lydar. Dette, og korte lydar av stemmene til karakterane ein gong i blant, var ein veldig fin måte å gjere det på utan å spele inn heile dialogen. Det kledde stilen veldig godt.

Pris: 600-700kr

Det verkar for meg som om desse Nintendo-spela berre går opp i pris. 700 kroner blir litt drygt i mi meining. Echoes of Wisdom er eit veldig bra spel, som eg har hatt, og kjem til å ha det gøy med framover, men eg veit ikkje om det er verdt det framfor ei veke, kanskje ei og ei halv, med mat. Eg innser jo sjølvsagt at det er mange som skal ha betalt for eit så stort og kjent spel, men 700 kroner hadde fått meg til å revurdere, og sjå om det kanskje var noko billegare med same mengde gøy.

Alt i alt har dette vert eitt av dei kjekkare spela å melde, då eg følte meg utfordra samtidig som eg kunne slappe av under eit teppe og hive ein hai på fiendane mine. Veldig koseleg, veldig søtt, og noko folk i alle aldrar kan nyte.

Terningkast: 6