Danielle Emilie Olsen (30) frå Bergen sin kunst er ofte politisk, inspirert av hennar eigne erfaringar som rullestolbrukar. I år debuterer ho på den prestisjetunge Haustutstillinga.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Etter at eg byrja å lage mykje sterkare bilete, med ei sterkare meining, har folk rundt meg forstått situasjonen min på ein heilt annan måte, seier Danielle Emilie Olsen.

Olsen er kunstnar, og ho debuterer i år på Statens Kunstutstilling, Haustutstillinga, den største årlege utstillinga av samtidskunst i Noreg.

Biletet ho stillar ut, Usynlig, viser fram nakenheita og avmakta ho kan kjenne på i situasjonar med sterk maktubalanse.

– Som pasient i helsevesenet har eg kjent meg usynleg, som “berre” ein pasient, som nokon som tar tid eller ein kostnad. Det er ikkje fokus på kva vi ønsker, seier Olsen.

Kunst som rehabilitering

Olsen hamna i rullestol som følge av komplikasjonar etter ein ryggoperasjon tidleg i 20-åra. I mange år måtte ho kjempe ein tøff kamp mot heimkommunen for å få moglegheita til å studere, med assistentar. Då brukte ho mellom anna røysta si gjennom kunsten.

– Eg har drive med kunst i ei eller anna form gjennom heile livet. Då eg var lita, likte eg alltid å teikne og måle. No likar eg å jobbe meir med installasjonar og skulpturar. Det er ikkje berre måleri, seier ho.

Danielle Emilie Olsen framfor biletet hennar på Haustutstillinga. | Foto: Privat

Ho har tidlegare stilt ut kunst på pop-up-galleriet til studentorganisasjonen KulturX i Bergen, på kontoret til Norges Handikapforbund, og laga illustrasjonar til boka Dette passer ikke for sånne som deg, som Redd Barna gav ut tidlegare i år.

Kunsten vart òg ei form for rehabilitering etter ryggoperasjonen.

– Eg veit ikkje alltid kva eg ønsker å seie når eg startar på eit prosjekt. Eg ønsker å lage noko eg ikkje har sett sjølv, som eg kan kjenne meg igjen i. Hovudsakleg plar verka å få ein politisk bodskap, seier ho.

– Kjempa hardt

Olsen fekk omsider hjelpa ho hadde kjempa for, og fekk gjennomført to års studium på fagskule. Ho tar no utdanning som kunst- og handverklærar, og planen til neste år er å studere kunstfag i Tromsø.

– Det er mange som opplever å bli sett i ein boks når ein har nedsett funksjonsevne. Eg har måtta kjempe ekstremt hardt for å komme der eg er i dag. Det er alltid nokon som meiner eg berre kunne ha sete heime, at eg ikkje hadde tronge å ta høgare utdanning, at eg berre kan bli ufør. Men det er ingenting som tilseier at eg ikkje kan komme ut i 100 prosent jobb når eg er ferdig å studere. Det er ingenting som seier at ein berre må vere den som sit i rullestol, seier ho.

– Eg lar ikkje rullestolen vere eit hinder for meg. Om eg har lyst til å hoppe i fallskjerm, så gjer eg det, seier Olsen.

Viktig del av livet

For Danielle Emilie Olsen er det veldig viktig å kunne uttrykke seg gjennom kunst.

– Det er den største delen av livet mitt. Eg trur ikkje eg hadde vore den eg er, om eg ikkje kunne gjort det, seier ho.

Ho er også aktiv gjennom Norges Handikapforbund, der ho kjempar for at andre skal få dei same moglegheitene, uavhengig av kva kapasitet ein har, kor ressurssterk ein er, eller kva røyst ein har.

– Om du føler at noko ikkje er korrekt i samfunnet, er det ingenting som vil forandre seg på magisk vis, viss du ikkje seier frå eller gjer noko med det, om du er funksjonsfrisk eller ikkje. Eg vil anbefale alle å bruke røysta si. Ingenting forandrar seg om ein ikkje ropar ut, seier ho.

Eg har eit behov for å lage kunst om det eg opplever, fortel Danielle Emilie Olsen. | Foto: Privat

Kreativiteten i fokus

Sjølv om kunsten hennar ofte har ein politisk brodd, ønsker ikkje Olsen å binde seg til eitt tema. Ho vil vere kreativ, utan å føle seg låst fast under ein særskild paraply.

– Men med den kvardagen eg har, er det veldig fort at det på ein eller annan måte vert politisk, seier ho.

Ho fortel at ho har fått gode tilbakemeldingar etter å ha stilt ut på Haustutstillinga. Fleire frå juryen kom bort og gratulerte henne etter opninga.

– Det betyr ekstremt mykje å få vise fram biletet. Det at folk ønsker å sjå det, betyr at ein gjer noko rett, seier ho.

 

Kunsten til Danielle Emilie Olsen får ofte ein politisk brodd. | Foto: Privat