Drømmer: – Blant dei beste norske filmane i år

Nummer to i Dag Johan Haugerud sin tematiske trilogi er både morosam og sår, samtidig som han tek ungdom og deira kjensler på alvor i si undersøking av ei vanskeleg forelsking.

Jenny Lund
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Dag Johan Haugerud har eit travelt år. Regissøren og forfattaren, blant anna kjent for Amanda-vinnarane Barn (2020) og Som du ser meg (2013), har ikkje mindre enn tre filmar ute på kino i 2024.

Dei er alle del av det av det same prosjektet, ein trilogi frittståande filmar med titlane Sex, Drømmer, Kjærlighet.

Drømmer

Nasjonalitet/språk: Norge, norsk

Regi: Dag Johan Haugerud

Noregspremiere: 04.10.2024

Aldersgrense: Tillate for alle

Sjanger: Drama

Speletid: 1t 59m

 

Felles for desse er at dei er forteljingar om lengsel, forhold, identitet, og forholdet mellom dei, sett til ulike stader i Oslo.

Internasjonal merksemd

Kort tid etter at Kjærlighet vann kritikarprisen Bisato d’Oro ved filmfestivalen i Venezia og Sex vart plukka ut som ein av tre potensielle norske bidrag til Oscar-utdelinga i USA, kan ein sjå midtstykket, Drømmer, på kino her i Noreg. Det er han vel verdt.

Eg har tidlegare skrive om Sex i Tidskriftet Jaja, og sjølv om ein ikkje treng å sjå han før ein eventuelt ser Drømmer, vil eg anbefale det, rett og slett dei begge er blant dei beste norske filmane i år.

Forelska i lærer’n (åh-åh-åh)

Når 17 år gamle Johanne vert forelska i læraren sin, Johanna, er det altoppslukande. For å handtere og bevare kjenslene, tek ho til å skrive dei ned, utan nokon intensjon om å dele det. Når ho likevel vel å dele det ho har skrive med mormora si, vert situasjonen fort komplisert. Mor må jo få vite om det, ho også. Bekymringa over kor vidt det har skjedd noko gale mellom dottera og læraren vert likevel noko overskygga av den overraskande kvaliteten på skrivinga. For kunne ikkje dette vore ei bok?

Drømmer følgjer Johanne gjennom forelskinga og skriveprosessen, men også dei følgjande forviklingane når mor og bestemor begynner å snakke om å gi ut boka. For korleis kan ein eigentleg handtere noko så personleg i offentlegheita? Kven si historie vert det då?

Kvinner i fokus

Medan Sex i stor grad tok for seg forholda mellom menn, og dessutan konene deira, er Drømmer utan tvil ein film om kvinner. Det er syttenåringen som kjenner verda vert snudd opp ned av forelskinga i læraren sin, men omtrent like viktige er mor og mormor. Begge er einslege, og samtidig som det er sårt, skapar det ein situasjon der dei tre generasjonane med kvinner vert kvarandre sin næraste familie. Det er ein spanande dynamikk, og gjennom Johanne si forelsking vert også dei eldre sine forhold til lengsel og kjærleik utforska. Mor og mormor er ganske forskjellige. Det kjem spesielt godt fram i ein herleg scene der dei to er på skogstur. Forholda mellom alle desse kvinnene vert hjartet til filmen, med ei kontant spenning med tanke på korleis dei eventuelt vil utvikle seg.

Det hjelper også at skodespelarane leverer såpass sterk som dei gjer. Eg er spesielt begeistra for Anne Marit Jacobsen og Ane Dahl Torp som mormor og mor. Dei to har ein fantastisk komisk dynamikk som kan snu om til spenning på eit blunk. Saman med Ella Øverbye sin prestasjon som Johanne kjennest dei som ein ekte familie, som trass i utfordringane dei støyter på bryr seg om kvarandre.

Gode ord

Regien er svært solid, men eg må framheve at det er manuset til Haugerud som verkeleg treff meg. I Drømmer vert mykje av det filtrert gjennom Johanne, som i tillegg til å vere hovudkarakter er forteljar. Med det får ein som sjåar eit djupare blikk på korleis verda hennar er. Mor og mormor vil så klart verke sikre i den situasjonen dei står i, men Johanne kjenner dei godt, og veit kva som ligg under overflata. Forteljarrolla tillèt ho å gripe inn dei scenene der det er dialog mellom karakterar, som skapar eit slags lappeteppe av inntrykk. Kvardagslege samtalar vert fletta med refleksjonar som grensar til det poetiske. Likevel kjenst ikkje noko for utbrodert eller kløktig til at det ikkje passar pennen hennar.

Sjølv om eg var spesielt fanga av manuset, ville det vore feil å skrive denne meldinga utan å også vise til andre deler av filmskapinga. Det er nemleg ein flott film på fleire måtar enn som så. Eg trur blant anna at vintermørket i Oslo aldri har vore så innbydande som fotograf Cecilie Semec får det til å sjå ut her. Også scenene der Johanne besøkjer leilegheita til læraren er spesielt flotte, med ljossetting som nesten visualiserer den forelskinga i Johanne ber på.

Å ta ungdom på alvor

Det er nesten noko morosamt over det faktum at Haugerud plukka ut eit tema som så lett kunne vore betent, forholdet mellom ein lærar og ein elev, og så lar så mykje av handlinga vere om kor vidt det er greitt å publisere bok om det. Det er ikkje for å seie at problematikken ikkje vert teken opp, men det går føre seg på ein særs smakfull måte, utan å skape meir drama enn strengt nødvendig. Johanne sine kjensler for læraren er sentrale, og det er klart at ho ønskjer at dei skal bli et par. Filmen greier å ta lidenskapen hennar seriøst utan å vere einig med ho, og eg synest heilt ærleg at det er rørande. Sluttsekvensen i Drømmer sit igjen i meg med ein småmelankolsk varme.

Det er ikkje lett å vere sytten, men det vert litt lettare om andre tek kjenslene på alvor, og forstår at det ikkje ‘berre’ er ei forelsking.

Såpass synest eg dei unge fortener.

Terningkast: 5