Naturen var ein fristad for Amir (25) – no deler han gleda med minoritetsungdom

Friluftsgleda vart vekka då han skaut ei rype på den fyrste jakta si.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg skaut då mi første rype, og då bikka det. Då var eg totalt frelst på friluftsliv, jakt og heile pakka.

Framtida.no møter Amir Ranjbar på gamle Østre Høybråten Gård i Alna bydel i Oslo. Det er her friluftsorganisasjonen Wild X held til. Ranjbar er leiar for organisasjonen, og i full gang med å rydde vekk utstyr frå helgas opplæringsjakt i Gausdal.

– Ungdommane får oppleve ein del av det norske samfunnet som dei kanskje ikkje ville fått lov til eller hatt moglegheit og ressursar til elles. Det gjer at det opnar seg ei heilt ny dør for dei.

Det er nemleg det Wild X er til for: å sørgje for at minoritetsungdom lærar om norsk natur og dyreliv gjennom tur, jakt, fiske og andre friluftsaktivitetar.

Frå rypejakt til leiar

Rypejakt var nøkkelen for å engasjere 15 år gamle Amir. | Foto: Privat

Wild X vart starta i 2004 gjennom Antirasistisk Senter og Agenda X som eit tilbod for minoritetsungdom om å lære meir om friluftsliv og norsk natur. Tor Erlend Bach tok initiativ til å ha jegerprøvekurs for å betre kunnskapen om dyreliv, og sidan 2012 har dei vore ein uavhengig organisasjon.

Amir vart fyrst kjend med organisasjonen i 2013. Han var 14 år og budde på ein institusjon for einslege mindreårige flyktningar. Mykje av tida gjekk til å tenke på omstenda hans, og om han kom til å få opphald i Noreg.

Så fekk han bli med Wild X på hyttetur.

– Det var veldig kult og veldig spennande. Turane var ein stad eg fekk eit avbrekk frå kvardagen.

Det som verkeleg gjorde at han fekk auga opp for friluftsliv kom seinare, på den fyrste opplæringsjakta hans som 15-åring, då også i Gausdal.

Med rypa i handa visste han ein ting: Dette skulle han gjere meir av.

Etter mange turar med Wild X i ungdommen, og ei sosionomutdanning, fekk han i 2021 tilbod om jobb i organisasjonen. Sidan då har han jobba seg opp til dagleg leiar, og i september vart han heidra for innsatsen sin.

Nordisk pioner

Tidlegare i september, før jaktturen, var Ranjbar i Danmark for å ta imot pris som nordisk pioner.

Nordic Pioneer er ein organisasjon med eit nettverk av unge nordiske personar som jobbar for demokratiet i sitt miljø. Kvart år deler dei ut pris til personar mellom 16 og 25 år som gjennom innsatsen sin har betra lokalmiljøet sitt, og Amir Ranjbar var ein av vinnarane i år.

Han er glad andre ser at det dei gjer nyttar.

– Vi gjer ikkje denne jobben for å få ein pris, men det er ein skikkeleg motivasjon å bli anerkjend.

Han poengterer at sjølv om han fekk prisen, gjeld anerkjenninga alle i Wild X.

– Vi har mange frivillige og tilsette som står bak det vi gjer. Dei brukar av helger dei kunne brukt til andre ting på å vere med ute i skogen for å stå på for andre sine barn.

Amir Ranjbar var i København for å ta imot pris som nordisk pioner saman med andre unge frå rundt om i Norden. | Foto: Tayf Shaker Wannas

Gode hjelparar

Ei av dei er lærlingen Eslem Tufekci (18), som skal bli barne- og ungdomsarbeidar. Ho heng opp soveposar til lufting etter jaktturen medan Framtida.no blir vist utstyret Wild X har på lager.

Tufekci synest det er spennande å kunne få erfaring gjennom organisasjonen.

– Eg trur ikkje det er nokon andre lærlingplassar som dette i Oslo, og eg følte det passa meg. Eg får vere med på mange nye opplevingar.

Seinare i haust skal ho vere med på hyttetur til Blåhaug i Oslo.

Ho fekk ikkje vore med på opplæringsjakta i Gausdal i helga, sidan ho ikkje har teke jegerprøva, men ho har planar om å vere med på kurs for det i framtida.

– Så neste år blir det jakt?

– Ja, heilt sikkert.

Eslem Tufekci synest lærlingplassen hjå Wild X passar veldig godt. | Foto: Åshild Slåen

Naturen som klasserom

Amir Ranjbar meiner grunnen til at Wild X fungerer så bra, er at det du lærer på jakt, fiske og vanlege turar, også er verdifullt i kvardagen.

Han seier at det å få med ungdommar ut i naturen handlar om å bygge opp eigenskapar som også kjem til god nytte utanfor naturen. Det dei lærer når dei bruker krefter på å kome fram til ei hytte, skjular seg for duer, eller samlar rett ved til å fyre opp eit bål, meiner han kan brukast på andre arenaer.

– Du lærer så mykje om tolmod, og om at viss du skal ha noko bra må du jobbe hardt og målretta for det. Ingenting er gitt, og det er nokre viktige grunnleggande verdiar som heile samfunnet byggjar seg rundt, som ein kan lære førstehands i naturen.

I løpet av eit år har dei mellom 300 og 500 ungdommar innom tilbodet sitt, men Ranjbar vil nå ut til endå fleire. Han fortel at Wild X tek imot alle slags folk, og at du ikkje treng å vite mykje om friluftsliv for å bli med.

– Du treng å vere ungdom, og du treng å ha eit ope sinn for naturen med lyst til å lære meir.

Elgen Moosetaffa er både logo og ein viktig del av Wild X, sjølv om dei ikkje har fått hengt opp att elghovudet heilt enno. | Foto: Åshild Slåen