Feil i digitale læremiddel bidreg til at norske skular bryt opplæringslova
IMAL publiserte feil versjon av læremiddelet sitt og bidrog til at 500 skular braut lova. Det finst ikkje lenger ei offentleg godkjenning av læremiddel i norske skular.
– Det er éin ting når det er særskrivingsfeil i matteboka, men når det omhandlar oppgåver i grunnleggande leseforståing er det endå meir tragisk.
Orda kjem på e-post frå Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom. Framtida har sendt han bilete frå læringsverket IMAL, med fleire nynorskfeil, for å høyra kva han meiner.
Skjermbileta kjem frå læremiddelet IMAL, som vert nytta av 550 skular i Noreg i dag, ifølgje dei sjølve.
– Det einaste som blir rett i denne saka er å retta på innhaldet og skjerpa rutinane. Her sviktar iMAL elevane og skulane og gjer at 500 skular er med på å bryta opplæringslova.
Han meiner at når skulen har ansvar for å skapa trygge språkbrukarar, er det naudsynt at læreverk kjem med korrekt nynorsk frå dag éin.
– Eg har fått kommentarar på at ein slik kritikk er overdriving, men når slike feil kjem gjennom bidreg det til at utrygge språkbrukarar byter frå nynorsk til bokmål over tid.
Publisert uspråkvaska versjon
Framtida ringer grunnleggar og styreleiar Regine Nagelhus i IMAL, for å høyra kva som har skjedd.
– Me har publisert ein versjon som ikkje var språkvaska. Det er jo beklageleg, sjølvsagt.
Ho fortel at ein lærar kontakta dei, og at dei slik oppdaga at det var feil versjon som var publisert og retta det opp med å publisera den språkvaska versjonen i staden.
– Det er jo fordelen med det digitale: at ein kan oppdatera det kjapt i staden for å måtta venta på neste opplag med trykte bøker.
Innhaldet i læremiddelet blir laga på svensk først, og så omsett og språkvaska av nokon med mastergrad i nordisk, fortel Nagelhus.
Ho forsikrar at dei ikkje har nokon agenda mot nynorsk, og at både ho sjølv og dagleg leiar har hatt nynorsk som hovudmål i skulen.
Eg baserer meg ikkje på at me lanserer tekstar og så må nynorskskular sjekka over
Burde hatt betre rutine
– Sidan me lanserte i 2015 har me vore medvitne på å lansera både på bokmål og nynorsk, i tillegg til å ha valhøve mellom verb med e- eller a-ending på nynorsk, og å kunna velja mellom hokjønn eller felleskjønn på bokmål.
Ho innrømmer at dei burde hatt betre rutine på at nokon med språkkompetanse såg over ved kvar publisering, men at dei er eit lite føretak og heller vel å bruka pengar på språkvask før publisering.
– Me publiserer nye ting heile tida, så eg kan ikkje garantera at me har eit læremiddel der det ikkje finst feil, sjølv om me prøver å minimera det. Ein finn jo også feil i trykte læremiddel.
– Kven har ansvaret for at det er rett språk i læremidla som vert brukt i skulen?
– Det overordna ansvaret er jo mitt. Juridisk veit eg ikkje akkurat, men eg baserer meg ikkje på at me lanserer tekstar og så må nynorskskular sjekka over.
Inga offentleg godkjenning for læremiddel lengre
Ja, kven har eigentleg ansvaret for at det er rett språk i læremidla som vert brukt i skulen?
Skulane har sjølv høve til å velja kva læremiddel dei vil kjøpe og bruka. Kravet er at det skal vera i samsvar med Kunnskapsløftet.
For at ein ressurs skal kunne marknadsførast som eit læremiddel, må han oppfylla krava til læremiddel i opplæringslova. Eit læremiddel skal vera laga for å brukast jamleg i opplæringa og skal dekkja vesentlege delar av læreplanen i faget. Læremidla må òg vera tilgjengeleg på begge målformer: altså bokmål og nynorsk.
Frå 1889 til 2000 fanst dei ei offentleg godkjenning for læremiddel, men denne vart fjerna under regjeringa Stoltenberg.
Ifølgje Utdanningsdirektoratet er det forlaga eller utgivarane som har ansvaret for kvaliteten i det dei gir ut. Dersom dei sviktar og tilbyr læremiddel med dårleg språk, har skular og kommunar ansvar for å sjekka at kvaliteten på det dei kjøper inn er bra nok.
– Det bør ikkje vera mogeleg å selja læremiddel med språklege feil og manglar, skriv Mari Johansen, pressekontakt i Utdanningsdirektoratet, i ein e-post til framtida.no.
Sjølv om det ikkje lenger finst ei offentleg godkjenning, er det nokre krav, og Utdanningsdirektoratet har også eit verktøy for å vurdera kvaliteten på læremiddel.
Ifølgje Johansen er det likevel slik at det er opp til forlaga kva for læremiddel dei tilbyr.
– I tillegg til læremiddel bruker skulane ulike digitale ressursar som ikkje er definerte som læremiddel, og no skal forskarar kartlegga omfanget av dette og undersøka kor mange av ressursane som er tilgjengeleg på nynorsk.
– Er det vanskelegare å sikre god kvalitet i digitale læremiddel?
– Det er nok ikkje vi den rette instansen til å svara på. Men det skal ikkje vera noko skilje på kvaliteten på trykte og digitale læremiddel. Og ein kan jo tenka seg at det er enklare å retta feil i digitale læremiddel enn i trykte.