
Quiz: Nyheitsquiz veke 35
Klimademonstrasjon, hat trick og bryllaup. Kva fekk du med deg i veka som gjekk?
- Spørsmål 1 av 12
1.
Greta Thunberg og andre klimaaktivistar demonstrerte denne veka på ein stor konferanse i Stavanger. Kva heiter den?
Heilt rett! Det var ONS-konferansen (Offshore Northern Seas). Dette er ein av verdas største møteplassar for den internasjonale energibransjen.
– Eg er her for å vise motstand mot dei store oljeselskapa som er blant dei mest ansvarlege for klimakrisa, som påvirkar utallige menneskeliv allereie i dag, sa Greta Thunberg til E24 måndag.
Saman med ei rekke aktivistar frå Extinction Rebellion (XR) har ho demonstrert på ulike arrangement og på ulike måtar gjennom heile veka.
Nei… Det var ONS-konferansen (Offshore Northern Seas). Dette er ein av verdas største møteplassar for den internasjonale energibransjen.
– Eg er her for å vise motstand mot dei store oljeselskapa som er blant dei mest ansvarlege for klimakrisa, som påvirkar utallige menneskeliv allereie i dag, sa Greta Thunberg til E24 måndag.
Saman med ei rekke aktivistar frå Extinction Rebellion (XR) har ho demonstrert på ulike arrangement og på ulike måtar gjennom heile veka.
- Spørsmål 2 av 12
2.
I 1991 starta brødrene Liam og Noel Gallagher opp eit band som har hatt hitar som «Wonderwall» og «Don’t Look Back In Anger». Bandet splitta opp i 2009, men har no stadfesta comeback i 2025. Kva heiter bandet?
Yes! Bandet heiter Oasis! Så får me håpe dei ikkje look back in anger og angrar seg, for på berre 10 timar vart alle dei 1,4 millionar billettane selde.
Nei.. Bandet heiter Oasis! Så får me håpe dei ikkje look back in anger og angrar seg, for på berre 10 timar vart alle dei 1,4 millionar billettane selde.
- Spørsmål 3 av 12
3.
Denne veka vart det kjend kva by og dato det blir for neste års Eurovision-finale. Byen blir Basel i Sveits, men kva dato skal finalen haldast?
Ja, det er 17. mai! Så her må ein velge å enten kjøre full dobbelfest, eller prioritere vekk 17. mai-frukosten om ein vil reise til Sveits for å vere med.
Nei, det er faktisk 17. mai! Så her må ein velge å enten kjøre full dobbelfest, eller prioritere vekk 17. mai-frukosten om ein vil reise til Sveits for å vere med.
- Spørsmål 4 av 12
4.
Kva distanse tok Jakob Ingebrigtsen ny verdsrekord på denne veka?
Riktig! Då Jakob Ingebrigtsen deltok i Diamond League-konkurransen i Polen 25. august, slo han ein 28 år gamal verdsrekord. Han slo den gamle rekorden på 3000 meter med over tre sekund då han kryssa målstreken på tida 7.17,55. Les meir her.
Feil! Då Jakob Ingebrigtsen deltok i Diamond League-konkurransen i Polen 25. august, slo han ein 28 år gamal verdsrekord. Han slo den gamle rekorden på 3000 meter med over tre sekund då han kryssa målstreken på tida 7.17,55. Les meir her.
- Spørsmål 5 av 12
5.
Ein internasjonal skobutikk-kjede med butikkar i Noreg, skal legge ned drifta i Skandinavia og Sør-Korea. Kva butikk?
Heilt rett, det er Foot Locker. Underskotet har aukt 2 millionar dollar frå samme tid i fjor. I ei pressemelding skriv Foot Locker at stenginga av fysiske og digitale butikkar i Norden og Sør-Korea er del av ei større omstilling i selskapet og som fokuserer på forenkling av driften utenfor USA. Foot Locker har over 2400 butikkar i 26 land.
Feil. Det er Foot Locker. Underskotet har aukt 2 millionar dollar frå samme tid i fjor. I ei pressemelding skriv Foot Locker at stenginga av fysiske og digitale butikkar i Norden og Sør-Korea er del av ei større omstilling i selskapet og som fokuserer på forenkling av driften utenfor USA. Foot Locker har over 2400 butikkar i 26 land.
- Spørsmål 6 av 12
6.
Paralympics er no i gang og Noreg har fleire medalhehåp med som deltakarar. Ein av desse er Birgit Skarstein. Kva idrett konkurrerer ho i?
Heilt rett! Skarstein driv med roing. I lørdagens tevling tok ho sølvmedaljen!
Feil! Skarstein driv med roing. I lørdagens tevling tok ho sølvmedaljen!
- Spørsmål 7 av 12
7.
I 2010 var det 10.000 unge mellom 18 og 30 år som fekk uføretrygd. Kor mange var det i 2023?
Rett, det var 20.000. Det er meir enn ei dobling på 14 år og Noreg har dermed flest unge uføre i heile OECD. Les meir her.
Feil, det var 20.000. Det er meir enn ei dobling på 14 år og Noreg har dermed flest unge uføre i heile OECD. Les meir her.
- Spørsmål 8 av 12
8.
Ein bryllaupstradisjon kan bli forbode i Sverige dersom Sosialdemokratane får det som dei vil. Kva tradisjon?
Korrekt! Brudeoverlevering, tradisjonen der far til bruden følgjer henne opp kyrkjegolvet for så å overlevere henne til brudgomen. Nokre meiner dette er ein romantisk og fin ting som viser at brudgomen no er mannen i brudens liv, medan Sosialdemokratane meiner det er eit foreldarituale, djupt foranakra i patriarkalske strukturar som ikkje passar inn i dagens kyrkje.
Feil! Det er brudeoverlevering, tradisjonen der far til bruden følgjer henne opp kyrkjegolvet for så å overlevere henne til brudgomen. Nokre meiner dette er ein romantisk og fin ting som viser at brudgomen no er mannen i brudens liv, medan Sosialdemokratane meiner det er eit foreldarituale, djupt foranakra i patriarkalske strukturar som ikkje passar inn i dagens kyrkje.
- Spørsmål 9 av 12
9.
Ei kleskjede sletta denne veka alle innlegga sine på Instagram og annonsert at me snart møter ein ny, dyrare versjon av klesskjeden. Kva kleskjede er det?
Det er rett. 12. september vil me få første smakebit av «nye» H&M, ifølgje sjefen Daniel Ervér. Med Shein og Temu har dei slitt med å vekse, og målet er no «at kundene skal gjenoppdage H&M som en overbevisende motemerkevare, heller enn å forsøke å vinne racet mot de laveste prisene», ifølgje Business of Fashion.
Feil. 12. september vil me få første smakebit av «nye» H&M, ifølgje sjefen Daniel Ervér. Med Shein og Temu har dei slitt med å vekse, og målet er no «at kundene skal gjenoppdage H&M som en overbevisende motemerkevare, heller enn å forsøke å vinne racet mot de laveste prisene», ifølgje Business of Fashion.
- Spørsmål 10 av 12
10.
Denne helga var det bryllaupsstemning då Märtha Louise og Durek Verret vart mann og kone og hadde invitert til firedagarsfeiring på Vestlandet. Kor var det dei gav sitt ja til kvarandre?
Heilt rett, det var i Geiranger! Festen starta i Ålesund, men sjølve bryllaupet vart halde i Geiranger i Møre og Romsdal.
Har du ikkje fulgt med? Festen starta i Ålesund, men sjølve bryllaupet vart halde i Geiranger i Møre og Romsdal.
- Spørsmål 11 av 12
11.
Kva norsk fotballspelar skåra hattrick mot West-Ham på laurdag?
Heilt rett! Det var Erling Braut Haaland som skåra 3 mål for Manchester United i kampen mot West Ham. Han har no skåra totalt åtte hat trick i Premier League på 69 kampar, og nærmar seg med det Premier League-rekord.
Feil… Det var Erling Braut Haaland som skåra 3 mål for Manchester United i kampen mot West Ham. Han har no skåra totalt åtte hat trick i Premier League på 69 kampar, og nærmar seg med det Premier League-rekord.
- Spørsmål 12 av 12
12.
Noregs mest kjende kvitkval døydde denne veka. Kva heitte hen?
Heilt rett, det var Hvaldimir. Han vart oppdaga i april då han dukka opp utanfor Finnmarkskysten. Den kontaktsøkande kvalen, var utstyrt med seletøy, og fekk namnet «Hvaldimir», fordi den vart mistenkt for å kome frå den russiske marinen.
Nei, det var Hvaldimir. Han vart oppdaga i april då han dukka opp utanfor Finnmarkskysten. Den kontaktsøkande kvalen, var utstyrt med seletøy, og fekk namnet «Hvaldimir», fordi den vart mistenkt for å kome frå den russiske marinen.
Resultat:
Vurdering:
Vel blåst! Ynskjer du lese meir om dei viktige tinga som skjedde denne veka? Sjekk ut Vekas viktigaste!