Vil det einsame i oss da forsvinne?

Me lengtar heim. Til ein stad som held oss att.

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me lengtar heim

Eg er attende i Oslo etter snaue to veker i heimbygda på Sunnmøre. Eg saknar ofte Skodje, heimen min, jamvel om eg ikkje reiser dit for ofte.

Eg har lengta etter dei grøne åsane som ligg smykka inn i lågthengande trolltåke på morgonkvisten og dei blåfarga fjordane som kneisar mot himmelen og vernar kysten mot det mektige havet. Den ville vestlandsnaturen står i merkbar kontrast til Pilestredet Park. Arkitektdraumen Pilestredet Park, med moderne blokkleilegheiter, finslipte steinblokker og piletre som står planta – ikkje som i naturen, der dei spreier seg som små hugskot i Guds tanke – men med kirurgisk presisjon i høve til kvarandre, som ei påminning om det som skjuler seg under asfalten. Da eg trilla kofferten over brusteinen og såg ljoset i kveldsvindauga slokne ein etter ein, tenkte eg for meg sjølv at ein ikkje veit kva heime er, før ein har vore borte.

Men kva er heime? Det enklaste svaret er openbert for dei fleste av oss. Heime er den staden kvar me har vakse opp, der me har røtene våre, der me har familie og barndomsvennar, og der me gjorde oss dei fyrste røynslene i livet. Heime er altså ein fysisk røyndom. Men det er òg ein mental tilstand. Me er alle fødd inn i ein sosial, historisk og kulturell kontekst som formar oss i eit bestemt bilete. Det er ikkje verre enn å drive litt kontra-faktisk tenking: Kor annleis hadde du ikkje blitt dersom du voks opp ein annan stad, kanskje i ein annan verdsdel, i ei anna tid, i eit anna samfunn? Det er sjølvsagt eit til dels umogleg spørsmål å stille seg, men illustrerande nok uansett. Eg tek meg sjølv i å undre over kor mykje av identiteten min som er Sunnmøre. Kor mykje er nedervde haldningar, tankar og karaktertrekk, og kor mykje som eventuelt er mitt eige påbygg.

I løpet av sommarvekene på Sunnmøre rakk eg å lese ut Mørk August av William Faulkner, lødig omsett av Sigurd Hoel. William Faulkner kan kallast heimstaddiktar dersom me ikkje nyttar omgrepet med negativt forteikn. Til liks med norske samtidige som Olav Duun og Johan Falkberget skriv han om universelle emne med utgangspunkt i eit landskap og eit miljø han kjenner godt. Boka syner mellom anna korleis individet blir forma i dynamisk omgang og samhandling med det miljøet det er ein del av. Boka følgjer fleire karakterar som på ein eller annan måte oppheld seg i utkanten av sørstatssamfunnet dei lever i. Den mest sentrale karakteren er Joe Christmas. Eit rotlaust menneske som blei funnen på trappene til ein barneheim på sjølvaste julekvelden og seinare blir adoptert inn i ein streng, presbyteriansk familie. Brodden i Joe si livssoge er det usikre raseopphavet. Han har heilt frå barneføter av fått høyre at negerblod renn i årene hans, og difor er han ikkje berre utanfor samfunnet, men òg utanfor seg sjølv. Sørstatane før Martin Luther King og borgarrettsrørsla var eit samfunn der skilja mellom menneske blei teikna i blodlinjer. Trass i fleire hundre år med sameksistens, var skilnaden mellom svarte og kvite skarpare enn gjennomsiktig glas. Det samfunnet som blir skildra i glaskula til Faulkner er eit djupt splitta samfunn. Menneska lever splitta av eit apartheid bygd på paranoia og frykt, av ei fortid som fortel om edelmot og heltedåd på slagmarka, og av ei konstruert samtid der umoral blir kalla moral i form av rasehat. Denne kollektive, kognitive splittinga utkrystalliserer den splittinga som allereie finst i den adopterte Joe. Romanen stiller spørsmål ved korleis ein kan oppnå ein heilskapleg og handfast identitet i eit kløyvd samfunn kvar framandfrykta rår. Faulkner polemiserer aldri over raseskilja i heimstaten Mississippi, men syner heller korleis frykt, skam og framandgjering øydelegg både samfunnet og menneska psykologisk. Bøkene hans kan til dømes nyttast til å forstå den psykologiske situasjonen i det heilage landet i dag. Faulkner fortel levande om kva som skjer i eit samfunn prega av vald og utestenging. Murane kryp inn i hovudet, og brått er alle på den andre sida noko særskilt og anna enn oss på utsida. To romarar og tri kartagarar er døydde, som det heiter i eit dikt. Og ingen er komne stort lenger. 

Mørk August illustrerer korleis heimen ikkje berre er ein fysisk stad der me høyrer til og har ei historie, men òg er ein stad med ei historie og ein identitet som me, viljug eller motviljug, blir innlemma i. For min eigen del var det fyrst etter eg flytta bort eg skjønte kor djupt rotfest identiteten min er i den sunnmørske kultur- og tanketradisjonen. Det er den politisk radikale opplysingskampen og motrørslene sin strid for åndeleg sjølvstende eg talar om. Ein har så lett for å tenkje at grisgrendte strok og bygde-Noreg var og er meir konservativ og bakstreversk enn i dei urbane episentra. Eg skal ikkje seie noko om korleis desse tinga har vore i Europa elles, men den norske nasjonsbygginga frå 1800-talet av var prega av dei tri store motrørslene som alle hadde sitt sterkaste nedslagsfelt langs den rurale kystlinja vår. Norskdoms-, fråhalds- og bedehusrørsla var progressive, framtidsretta rørsler som hadde sitt nedslagsfelt langs den rurale kystlinja, og Sunnmøre må reknast som eit kjerneområde i dette nedslagsfeltet. Det er ikkje tilfeldig at desse kreftene blei vel mottekne her. Sunnmøre var på 1700-talet veldig fattig samanlikna med andre landsdelar, men egalitært, jamvel i norsk samanheng. Det var få sementerte maktstrukturar og økonomiske nessekongar å tale om, så det var enklare for fattigfolk å kome seg opp og fram. For at sesongfisket skulle lukkast, måtte fleire fiskarbønder samarbeide ved å gå saman i båtlag, heller enn at ein leigde båtar frå lokale stormenn, som løysinga var mange andre stader. Den tidlege innverknaden til opplysingsvenlege potetprestar i same hundreåret, som til dømes Hans Strøm, var dessutan særs viktig for den seinare kulturelle utviklinga. Han konfirmerte og inspirerte Sivert Aarflot, som var redaktør for den fyrste avisa utanfor dei store byane i Noreg – Norsk Landboeblad. Frå Aarflot går det ei direkte linje fram til Ivar Aasen, som hadde tilgang til Aarflot sitt bibliotek på Ekset. Den tidlege avistradisjonen i området gav grobotn til den intellektuelle krinsen som gav ut avisa Vestmannen i tri år fram til 1890. Det var den fyrste norske avisa som ope diskuterte idear som likestilling, anarkisme og sosialisme, og det langt unna det kulturelle og økonomiske sentrum på den tida. I same andedrag kan ein nemne Olaus Fjørtoft – ein av dei fyrste sosialistane i Noreg, og enfant terrible i Kristiania på 1870-talet. Det som har blitt nemnt her er sjølvsagt berre nokre få drag av den radikale åndstradisjonen på Sunnmøre. Men poenget er at dei radikale politiske ideane og skepsisen til overleverte normer og autoritetar i form av embetsmenn og konservative prestar, er ein tradisjon som inspirerer meg, og som eg freistar å vidareføre i mitt eige intellektuelle virke som skribent og student. Eg opplever at det er med på å definere kven eg er. Som figurane i Faulkner sitt univers ser eg altså identiteten min nedfelt i det samfunnet eg er ein del av.

Men ein kan spørje seg om denne identiteten knytt til heimstaden min ikkje er noko eg har konstruert for eiga hand, meir enn noko som har kome til meg naturleg gjennom oppveksten. Me lever trass alt i eit postmoderne samfunn kvar eit overflødigheitshorn av ulike uttrykk kjem til syne i ein vedvarande harmonisk kakofoni. Og den moderne tida har medført ei stadig utviding av dei sosiale rammene som er med på å forme identiteten vår. Går ein attende til den førmoderne tida var den sosiale fellesskapen knytt til landsbyfellesskapen. Det var normalt at folk levde og døydde i same soknet som dei blei fødde i, og folk var framleis så jordbundne at lengre reiser  i regelen var eit privilegium for overklassa. Med det romantiske gjennombrotet i midten av det 19. hundreåret  blei nasjonen og folket etter kvart den konstituerande eininga for fellesskap. Når det gjeld nasjonalromantikken peikar me på Herder og allslags diktarar, men me må ikkje gløyme at dei materielle kåra er like viktige. På denne tida fekk ein landsdekkande aviser, telegrafen gjorde at kommunikasjonen gjekk lysår snøggare over hava, og industrielle nyvinningar som dampbåten gjorde at mikrokosmos og makrokosmos kom nærmare kvarandre. I den digitale tidsalderen har denne teknologiske utviklinga auka i styrke. I dag kan ein snakke om ein kosmisk kollisjon mellom mikrokosmos og makrokosmos. Og denne kollisjonen har utviska alle grenser.

I dag flyt me ikring utan ei tyngdekraft til å suge oss ned mot jorda att. Og universet me driv formålslaust rundt i er verdsveven. Menneskelege fellesskap er ikkje lenger berre knytt til ein fysisk og materiell røyndom. I dag er det like sannsynleg at desse blir bygd og finn stad på veven som på  meir tradisjonell arenaer. Rammene for den menneskelege fellesskapen har i moderniteten gått frå landsbyen til nasjonen, og frå nasjonen til verda. Den teknologiske utviklinga driv fram den postmoderne identiteten som tek, plukkar og hentar inn akkurat dei inntrykka den sjølv vil ha. Paradokset er at den stadige utvidinga av rammene for fellesskap har ført til ei total utgliding av fellesskapskjensla. I ei verd av mangfaldige verdiar og tallause inntrykk står kvar person fritt til å definere seg sjølv. Såleis kan ein tenke seg at mi kjensle av samband med den sunnmørske kulturhistoria fyrst og fremst er ein freistnad på å finne fast grunn under føtene i ei verd der ein står fritt til å velje identitet sjølv. 

Det er nok mange som ikkje har den same heimkjensla som meg, men som finn avsatsen til identiteten sin heilt andre stader. Der eg er inklinert til å leite i kultur- og åndshistorie, vil andre definere seg på grunnlag av til dømes politisk ståstad, sosiokulturell tilhøyrsle, eller tilmed på bakgrunn av eit fotballag eller ein bestemt musikksmak. Sjølvsagt har ein framleis familie, slekt og vennar og heimstad. Men familien som sosial struktur har aldri vore så svak og skjørbeint som i dag, og menneska flyttar så mykje på seg i dag at staden me ser på som heime endåtil kan endre seg i løpet av livet. Det er altså slik at ein i dag ikkje går inn i ein eller to store fellesskap, men snarare her eit vell av små fellesskap å velje mellom. Ved fyrste augekast kan dette framstå som positivt, sidan det gjev oss stor fridom til å forme våre eigne liv og ta eigne val. Men eg er redd det finst krefter som dreg alle ting inn i eit stadig trongare lende. Diverre fortrenger kapitalkulturen dei mangefasetterte kulturelle uttrykka til fordel for ein altoverstigande angloamerikansk populærkultur som påtvingar massane eit kollektivt verdisystem. Eg har kritisert denne tendensen såpass sterkt i tidlegare skrifter, så eg skal ikkje gjenta meg sjølv her, men det er viktig å peike på at den moderne verda berre gjev uttrykk for å setje pris på mangfald, medan den eigentleg arbeider i det dulde for ein uinnskrenka absolutisme kvar pengar er alt og berre kjendisar kan vere lukkelege.

Behovet for å lausrive seg frå samfunnets normative trykk og tunge moral er ein raud tråd gjennom litteraturhistoria. Faulkner er ikkje den einaste som har skrive om individet sin kamp med samfunnet. Ibsen si Nora er eit anna framståande døme på det same. Men i nyare norsk litteratur kan det sjå ut til at spegelen er i ferd med å snu. Litteraturen handlar ikkje om å bryte ut av ein fellesskap, ei heller om å finne ein ny, som heller ikkje er eit uvanleg tema. Det handlar snarare om å attervende til ein mindre fellesskap, om små, forvirra individ som ikkje meistrar tilværet og som søkjer seg til ein samanheng dei kan vere ein sentral komponent i. Imot kunsten av Tomas Espedal er eit godt døme på denne tendensen. Boka er ei slektshistorie fortald av forfattaren sjølv, og forteljaren er dregen mellom eit ønske om å vere eit stabilt støttepunkt for dottera og ein sterk utferdstrong. Han har eit så stort ønske om å vere ein god forsørgjar for dottera at han tilmed skulle ønske han kunne bli ei kvinne og erstatte den avdøydde mora hennar. Men han kjenner seg aldri heime, og ønsker seg bort, samstundes som han ønsker å bli verande. Det er altså eit splitta individ me har å gjere med òg i denne boka. For å finne fram til sin stad i den store samanhengen går han attende til ein mindre fellesskap. Han skriv seg sjølv inn i ei slektshistorie som byrjar lenge før han sjølv blei fødd, med oldeforeldre, besteforeldre, foreldre og barndom, liksom i ein freistnad på å finne ut kvar han sjølv høyrer til. Slekta blir med andre ord ein handfast fellesskap for eit individ med manglande meistringskjensle og retning i tilværet. Isolert og aleine på ei øy freistar han å trenge inn i ein fellesskap og plassere sitt eige liv i ein forståeleg kontekst. Men skrivinga markerer samstundes ein sterk avstand. Personane han skriv om er stort sett døde røyster som aldri kjem attende. Den einaste måten han kan mane fram ein fellesskap på tvers av generasjonane er ved å konstruere ein samanheng gjennom skriving. Boka er altså ein prøvd prosess frå det postmoderne individets kaotiske livsrøynsle og fram mot eit meiningsfullt mikrokosmos. Forteljinga om oldefaren som òg var enkemann og sat aleine med forsørgeransvar for to døtre, og i likskap med forfattaren arbeidde hardt for familien, impliserer eit sirkulært element i boka, og dimed også ein sluttført determinisme. Ei rørsle frå det individuelle kaos til den kollektive orden. Den same lengta mot ein ordna mikrofellesskap kan ein finne i den dystopiske framtidsvisjonen SOLARIS korrigert av Øyvind Rimbereid, kanhende ein av dei beste diktsamlingene skrive på norsk på denne sida av   den tyske okkupasjonen:

 

SOMTIMS ven aig svefndrauma kan

 aig draumen ein simpl, silly draum

 SO er den: AIG imago meg self

 lefa innside ein astroide

 vid hundre odder humans

 reisen vekk fra Systm Sol

      ne meir moons

 FOR all tiim

 onli fara out.

    VUL det einsamme

 i uss da fersvinna?

Eg skal ikkje nekte for at heimen framleis er viktig både fysisk og mentalt. Den påverkar oss, og me går alle som ein inn i ein dynamikk med samfunnet me har vokse opp i. Men eg vil likevel hevde at fellesskapa ein finn i familie og i lokalmiljø forvitrar i møte med ein globalisert samkultur. Og sidan den globaliserte kulturen er så mangfaldig og fleirtydig, er det ikkje snakk om ein eigentleg fellesskap, men ein stor mosaikk av uavhengige uttrykk. I postmodernismen er det meininga at me alle skal konstruere vår eiga sanning, at me skal plukke og ta til oss det me sjølv likar. Men dette individuelle prosjektet kan ikkje ha lukkast i nemneverdig grad i eit samfunn der stadig fleire dopar seg på antidepressiva og kvar fleire og fleire mest av alt vil ha fellesskap og oversyn. Sakte, men sikkert kjem reaksjonen på det postmoderne pandemonium som oppløyser dei små fellesskapa. Me lengtar heim. Til ein stad som held oss att, som fangar oss inne. Til ein smalare topografi. Til ein fellesskap som knyter oss saman med historia på godt og vondt og fortel oss kven me er eller kven me ikkje er. Der individualismen er død. Der fridomstrongen forsvinn til fordel for fellesskapen. Der me i staden for å finne ut kven me er på eiga hand, ser det i årringane som gøymer seg i handflata og i dei svartkvite fotografia som heng på veggen. Og kanskje vil det einsame i oss da forsvinne.
 

Først publisert på Magasinett.