Leiaren i Spire: – Alt for lite debatt om kunstgjødsel i Noreg
Opp mot fem prosent av fossilt energibruk går til produksjon av kunstgjødsel. Spire tar eit oppgjer med kunstgjødsel-giganten Yara.
– Klimautslepp er eit kjempeproblem. Eg er frustrert over grønvaskinga til Yara. Dei skaper eit bilete av seg sjølv som berekraftige, men er ikkje villige til å sikre 1,5-gradersmålet, seier Elise Åsnes, leiar i Spire, på telefon til Framtida.
Europas største produsent
Yara er den største produsenten av kunstgjødsel i Europa og verdas største ammoniakkprodusent.
Eitt av punkta som blei diskutert på generalforsamlinga 28. mai var eit forslag om å sette berekraftsmål for å redusere oppstrømsutslepp. Forslaget innebar at Yara måtte sette mål for å redusere utsleppet frå varer og tenester dei kjøper frå andre, for eksempel flyreiser, utstyr og avfallshandtering.
Dette forslaget hadde styret til Yara tilrådd aksjeeigarane å stemme nei til. Forslaget blei òg stemt ned på forsamlinga.
– Det er hårreisande at Yara prøver å bremse klimatiltak, seier Elise Åsnes i ei pressemelding frå Spire.
– Dei skryt av bidraga til utsleppskutt og berekraftig matproduksjon, men bidreg til enorme klimagassutslepp.
I styret sitt svar på forslaget, svarer dei at Yara har tilstrekkelege klimatiltak som dei heller vil jobbe vidare med.
– Matar med fossil
Yara produserer syntetisk nitrogengjødsel. Mykje av gjødsla består av nitrogen, fosfor og kalium. Fosfor og kalium kan ein vinne ut frå bergartar og saltleie. Nitrogen derimot, blir tatt frå lufta og bunde med hydrogengass for å lage ammoniakk.
Den vanlegaste metoden å vinne ut hydrogen er å bruke vassdamp og metan. Då ender ein opp med hydrogengass og karbondioksid.
Center for International Environmental Law anslår at mellom tre og fem prosent av verdas fossile energibruk går til produksjon av syntetisk hydrogengjødsel.
– Yara matar verda med fossilt kunstgjødsel, seier Åsnes.
Kommunikasjonsdirektøren i Yara, Kristin Nordal, skriv til Framtida at dei tar miljøansvaret på alvor.
– Vi har gjort og gjer skikkelege tiltak for å avkarbonisere og har allereie redusert utsleppa våre med 45 prosent sidan 2005. Vår strategi er fokusert på lønnsam avkarbonisering, samtidig som vi skal bidra til å skaffe nok mat til verdas aukande befolkning.
Spire protesterte utanfor generalforsamlinga til Yara i Oslo.
Konsernsjefen i Yara møtte demonstrantane utanfor, men tidlegare meldte Spire på Instagram at dei blei møtt med politi og barrikadar.
– Det var viktig for konsernsjefen å ta ein prat med medlemmane i Spire som hadde møtt opp på Yaras hovudkontor. Vi har òg invitert Spire til møte for å halde fram dialogen, seier Nordal.
– Vi trur at samarbeid er nøkkelen til å finne gode løysingar på problema verda står ovanfor. Difor samarbeider vi med mange, som styresmakter, forsking og andre i næringslivet, for å finne dei beste løysingane saman.
Les heile svaret til Yara i faktaboksen under.
Manglar debatt
Debatten rundt kunstgjødsel er større i resten av Europa.
I pressemeldinga til Spire står dei saman med organisasjonane ASEED, ShareAction og Compost Yara som er frå Nederland, Storbritannia og Frankrike.
– Det er alt for lite debatt rundt kunstgjødsel i Noreg, meiner Åsnes.
Dette svarer Yara
Vi er glade for at vi både har eigarar og medborgarar med stort engasjement for utsleppskutt, eit engasjement vi i høgaste grad deler.
I Yara tar vi klima- og miljøansvaret vårt på alvor. Vi har gjort og gjer vesentlege tiltak for å avkarbonisere og har allereie redusert utsleppa våre med 45 prosent sidan 2005. Vår strategi er fokusert på lønsam avkarbonisering, på tvers av scope 1, 2 og 3, samtidig som vi skal bidra til å skaffe nok mat til verdas aukande befolkning. Rundt halvparten av verdas befolkning får mat som ein følge av at mineralgjødsel blir brukt i landbruket. Mineralgjødsel er avgjerande for nødvendig matsikkerheit. Det er høgt prioritert for Yara å sette «science based targets», og vi jobbar for å gjere gjødselindustrien i stand til å levere på måla i Paris-avtala.
Vi deler utolmodet til Spire når det gjeldt å løyse klimautfordringane og går gjerne i dialog med dei og andre som engasjerer seg. Difor var det viktig for konsernsjefen i Yara å ta ein prat med medlemmane som hadde møtt opp på hovudkontoret til Yara før generalforsamlinga. Vi har òg invitert Spire til møte hos oss for å halde fram dialogen.
Vi trur samarbeid og dialog er nøkkelen til å finne gode løysingar på utfordringane verda står overfor, og vi samarbeider difor med mange, inkludert styresmakter, sivilsamfunn, forsking og andre i næringslivet, for å finne dei beste løysingane saman.
– Kommunikasjonsdirektør i Yara, Kristin Nordal