Nordmenn dårlegast på kondombruk i Norden

Berre 37 prosent seier dei har brukt kondom i løpet av det siste året, ifølgje ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Nordmenn er dårlegast i Norden på å bruke kondom, viser ei fersk undersøking. Noreg har likevel teke dei lengste stega i rett retning dei siste åra.

Undersøkinga er gjennomført av den svenske organisasjonen Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU). Dei kjem med ei årleg undersøking for å sjå nærare på kondombruken i dei nordiske landa, med unntak av Island.

I alt 1000 personar i alderen 16 til 65 år frå kvart land deltok.

– Vi har i fleire år sett ei positiv utvikling når det gjeld kondombruk i heile Norden, seier RFSU-marknadssjef Anette Otterström.

Den generelle kondombruken er ganske lik i både Sverige, Danmark og Finland, medan Noreg skil seg ut. To av fem (40 prosent) i Sverige, Danmark og Finland svarer at dei har brukt kondom i løpet av det siste året.

I Noreg svarer 37 prosent at dei har gjort det same.

Noreg har likevel den brattaste kurva i positiv retning dei siste åra. I 2019 var andelen 29 prosent i Sverige, 26 prosent i Danmark og 33 prosent i Finland. I Noreg var han heilt nede i 22 prosent.

Mest kondombruk blant unge

Unge nordmenn og svenskar i alderen 16 til 20 år er betre enn danskar på kondombruk. 65 prosent av nordmenn og svenskar i denne alderen svarer at dei har brukt kondom det siste året. I Danmark er andelen 61 prosent, medan kondombruken er høgast blant unge finnar (68 prosent).

Når det gjeld unge vaksne i aldersgruppa 21 til 35 er bruksdelen lågast blant nordmenn, der 49 prosent svarer at dei har brukt kondom det siste året. Deretter følgjer Sverige (55), Danmark (56) og Finland (57).

Berre 47 prosent av nordmennene svarte at dei brukte kondom når dei sist hadde sex med ein ny partnar.

Andelen var den same i Sverige, medan han var 52 prosent i Danmark og 57 i Finland.

– Bør ikkje vere vanskeleg

Ein annan forskjell dei nordiske landa imellom er kor lett eller vanskeleg folk synest det er å foreslå kondombruk når ein skal ha sex. Her skil Finland seg ut, der heile 67 prosent svarer at dei synest det er lett eller svært lett å foreslå kondom. Andelen er deretter 57 prosent i Sverige medan han er 53 i Danmark. I Noreg er andelen berre 51 prosent.

– Å integrere kondom som ein naturleg del av samtalen om sex, bryt tabua og aukar forståinga for tryggare sex. Å foreslå kondom bør ikkje vere ei vanskeleg eller ubehageleg oppgåve – det er eit teikn på respekt og omtanke, seier seksualopplysar Pelle Ullholm i RFSU.

Nordmenn og danskar kjenner seg dårlegast på kommunikasjon i senga, og 72 prosent svarer at dei synest dei er gode på dette. Til samanlikning meiner 77 prosent av finnane at dei er gode på slik kommunikasjon, medan det er svenskane (78 prosent) som kjem best ut.

Treng du å friske opp kunnskapen din om seksuell helse?

Illustrasjonsfoto: Charles ?? /Unsplash