Har du fått med deg nyheitene i veka som gjekk? Test deg sjølv (eller ein ven).

Quiz: Nyheitsquiz veke 14
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kva heiter Beyoncé si nye rekordplate?
Riktig! Cowboy Carter er tittelen på den nye country-plata til Beyoncé, som er den mest strøymde plata på eit døgn.
Feil! Cowboy Carter er tittelen på den nye country-plata til Beyoncé, som er den mest strøymde plata på eit døgn.
- Spørsmål 2 av 10
2.
Kva endring vil regjeringa innføra for opptak til høgare utdanning?
Riktig! Fredag la regjeringa fram forslag til endringar i opptakssystemet til høgare utdanning. Eitt av forslaga er å fjerna kjønnspoeng, sjølv om det framleis vil vera kjønnskvotar på enkelte studium. Les meir om endringane her.
Feil! Fredag la regjeringa fram forslag til endringar i opptakssystemet til høgare utdanning. Eitt av forslaga er å fjerna kjønnspoeng, sjølv om det framleis vil vera kjønnskvotar på enkelte studium. Les meir om endringane her.
- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva finsk by vart råka av ei skuleskyting denne veka?
Riktig. Vanda er Finlands fjerde største by og vart denne veka råka av ein tragedie der ein 12 år gamal gut skaut og drap ein medelev og skadde to andre. I ettertid har finsk politi åtvara mot ryktespreiing.
Feil. Vanda er Finlands fjerde største by og vart denne veka råka av ein tragedie der ein 12 år gamal gut skaut og drap ein medelev og skadde to andre. I ettertid har finsk politi åtvara mot ryktespreiing.
- Spørsmål 4 av 10
4.
Kor mange vernepliktige vil regjeringa at Forsvaret skal ta inn årleg?
Riktig. Regjeringa vil at Forsvaret skal ta inn 50 prosent fleire vernepliktige årleg. I dag vert rundt 9000 av kvart årskull kalla inn, medan det framover kan bli 13 600.
Giv akt!
Feil. Regjeringa vil at Forsvaret skal ta inn 50 prosent fleire vernepliktige årleg. I dag vert rundt 9000 av kvart årskull kalla inn, medan det framover kan bli 13 600.
Giv akt!
- Spørsmål 5 av 10
5.
Kor mange år fylte Nato denne veka?
Riktig! Nato fylte 75 år 4. april 2024. På denne datoen i 1949 vart Atlanterhavspakta underskrive i den amerikanske hovudstaden Washington D.C. Dette skapte grunnlaget for North Atlantic Treaty Organization, betre kjend som Nato.
Feil! Nato fylte 75 år 4. april 2024. På denne datoen i 1949 vart Atlanterhavspakta underskrive i den amerikanske hovudstaden Washington D.C. Dette skapte grunnlaget for North Atlantic Treaty Organization, betre kjend som Nato.
- Spørsmål 6 av 10
6.
Kva land vart denne veka råka av eit kraftig jordskjelv?
Riktig. Taiwan opplevde denne veka det kraftigaste jordskjelvet på 25 år. Skjelvet som råka landet onsdag morgon målte 7,4 på Richters skala. Ni menneske mista livet i skjelvet, noko som er betydeleg færre enn storskjelvet i 1999. Sidan førre storskjelv har Taiwan skjerpa byggekrava og katastrofekunnskapen. Les meir i vekas viktigaste.
Feil. Taiwan opplevde denne veka det kraftigaste jordskjelvet på 25 år. Skjelvet som råka landet onsdag morgon målte 7,4 på Richters skala. Ni menneske mista livet i skjelvet, noko som er betydeleg færre enn storskjelvet i 1999. Sidan førre storskjelv har Taiwan skjerpa byggekrava og katastrofekunnskapen. Les meir i vekas viktigaste.
- Spørsmål 7 av 10
7.
Kven vart årets Spellemann?
Riktig! Gjengen i Undergrunn vart kåra til Årets Spellemann og skreiv seg inn i rekkja av menn som har fått prisen. Sidan starten i 1985 har berre seks kvinner motteke den gjeve prisen.
Feil! Gjengen i Undergrunn vart kåra til Årets Spellemann og skreiv seg inn i rekkja av menn som har fått prisen. Sidan starten i 1985 har berre seks kvinner motteke den gjeve prisen.
- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva organisasjon mista denne veka sju medarbeidarar i eit israelsk åtak på Gazastripa?
Riktig. Organisasjonen World Central Kitchen (WCK) mista sju medarbeidarar i eit israelsk angrep. Hjelpearbeidarane køyrde i ei kolonne med tre bilar som var klarert med israelsk militære (IDF). Les meir i vekas viktigaste.
Feil. Organisasjonen World Central Kitchen (WCK) mista sju medarbeidarar i eit israelsk angrep. Hjelpearbeidarane køyrde i ei kolonne med tre bilar som var klarert med israelsk militære (IDF). Les meir i vekas viktigaste.
- Spørsmål 9 av 10
9.
Kva heitte nettforumet der ein av dei to trugslane mot Stortinget vart skrive?
Riktig. Tysdag skreiv ein anonym brukar på 4chan: «Noen av dere er greie. Ikke gå til Stortinget klokken 10 i morgen». Denne meldinga og ein anna trugsel førte til at politiet stengde Stortinget onsdag føremiddag, medan situasjonen vart avklart. Les meir i vekas viktigaste.
Feil. Tysdag skreiv ein anonym brukar på 4chan: «Noen av dere er greie. Ikke gå til Stortinget klokken 10 i morgen». Denne meldinga og ein anna trugsel førte til at politiet stengde Stortinget onsdag føremiddag, medan situasjonen vart avklart. Les meir i vekas viktigaste.
- Spørsmål 10 av 10
10.
Kva vert forbode i Sør-Afrika?
Riktig! Etter fleire års arbeid har regjeringa kome med eit forslag om å avvikla avl av løver til troféjakt. I dag er det berre rundt 2300 sørafrikanske løver i det fri, medan det er rundt 10 000 i fangenskap. Les meir i vekas viktigaste.
Feil! Etter fleire års arbeid har regjeringa kome med eit forslag om å avvikla avl av løver til troféjakt. I dag er det berre rundt 2300 sørafrikanske løver i det fri, medan det er rundt 10 000 i fangenskap. Les meir i vekas viktigaste.