Pris til landets yngste hotellsjef

Då faren døydde brått, måtte 23 år gamle Preben Moen ta over drifta av familiehotellet på dagen. No vert han hylla for leiarevna sine.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Preben Moen, hotellsjef ved Gloppen Hotell, vann i dag den nasjonale arbeidslivsprisen Helt sjef som vert delt ut til unge leiartalent.

– Preben har ei sterk historie, gode leiarevne, viser imponerande handlekraft og har ambisjonar for Gloppen Hotell. Samstundes er han ein viktig bidragsytar i lokalmiljøet og ein person med sterke verdiar, seier tidlegare NHO-president og juryleiar i Helt sjef, Leif Frode Onarheim, ifølgje ei pressemelding.

Del av familien
Preben flytte inn på rom 105 på Gloppen hotell i 1996 då familien tok over det 130 år gamle hotellet. I 2013 døydde hotelleigar og pappa, Dag Moen, etter hjartekomplikasjonar. Dagen etter gravferda var Preben tilbake på jobb.

– Helt sjef er det største som har skjedd meg. Gloppen hotell er ein del av familien, eg er totalt avhengig av hotellet, det er heile familiens stoltheit og på ein måte babyen vår som aldri blir vaksen. Så jeg er uendeleg takknemleg for prisen, sier Moen.

405 nominerte
Hotellsjefen gjekk videre til semifinale og finale i konkurranse med 405 ungdommer frå heile landet.

– Det er flott at det er skapt ein arena der ungdom engasjerer seg i leiarskap og arbeidsliv gjennom Helt sjef-prisen, sa arbeids- og sosialminister Robert Eriksson under kåringa.

Det er fag- og interesseorganisasjonen Lederne som står bak Helt sjef, saman med ungdomsmagasinet Spirit og restaurantkjeda McDonald’s.

Eigen leiarcoach
Premien er 10.000 kroner, ei inspirasjonsreise og eitt års oppfølging av leiarcoachen Alf Inge Stiansen.

– Å få ein eigen leiarcoach blir helt fantastisk. Eg håpar han er vand til høgt tempo, for eg sprudlar av ideer og pågang, det må alltid skje noko rundt meg, sier Moen.

I grunngjevinga frå juryen vert det lagt vekt på hotellsjefens motivasjon, ambisjonar og lokale forankring.

– Vinnaren har store planar for bedrifta, som held fram med å levera gode resultat. Ambisjonen hans er å vidareutvikla familiebedrifta til å bli ein av bransjens fremste innen lokal mat og drikke, med blant annet satsing på eige ølbryggeri og kortreiste råvarer. I tillegg ynskjer han å skapa fleire arbeidsplassar for heilårstilsette og bidra til næringsutvikling i kommunen. Preben Moen er ein person som har imponert oss i juryen med stort pågangsmot og klare leiarevne, sa juryleiar Leif Frode Onarheim under kåringen.

Saka var først publisert i Sogn Avis.

Faktaboks

FINALISTANE I 2014 VAR:

Liv Holm Heide (20), Elevorganisasjonen, Oslo

Lars Peter Raknes (26), klesbutikken KAOS, Lørenskog/Oslo

Nina Maaø-Ruden (28), Smabarnsforeldre.no, Jevnaker 

Henrik Ruud (21), Eplehjelp AS og Epletips.no, Jar 

Jon Henrik Larsen (29), Salangen Nyheter, Salangen

Jonas Mork Lunde (25), JL Transport og JL Dekksenter, Troms

Fredrik Raade (22), forsikringskontoret Nordafor AS, Tromsø

Christer Fløysand (26), Max Fitness, Bergen

Preben Moen (23), Gloppen Hotell, Gloppen

Denice Hagen (19), Petworld.no, Tyristrand