Her fangar han breiflabb med kniv

Ronny Sætre tok 20 kilo tung breiflabb med kniv medan kompisen filma.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Video: slik fangar han breiflabb

– Det blir litt adrenalin, og det er jo greitt å få prøvd urmennesket i seg, seier Ronny Sætre, best kjend som medlem i Storm Weather Shanty Choir til Sunnhordland.no.

Sist laurdag var Sætre og den faste dykkekompisen hans Asbjørn Haugsgjerd ute og dykka i Bømlafjorden ein stad.

LES OGSÅ: Ove skat breiflagg med salongrifle

– Etter 25 minutt kom me over ein breiflabb på om lag 20 meters djupne, og me bestemte oss for at den ville me ta, fortel Sætre til lokalavisa på Stord.

Dykkekompisen hans tok fram kameraet som han hadde med seg, og Sætre fann fram dykkekniven som alltid er med på dykka. På videoen under kan du sjå korleis Sætre sakte nærmar seg breiflabben, som nærast går i eitt med sandbotnen, og høgg til midt i hovudet til beistet. Rett etter nådestøyten opnar den store fisken flabben på vidt gap, og Sætre flyt etter fisken medan den sprellar bortover havbotnen, fram til kampen er tapt, og fisken stilnar med framleis vidt gap.

Les meir i Sunnhordland!

LES OGSÅ: Dykka etter slo frå rekord-breiflagg