Stort fleirtal for aktiv dødshjelp og surrogati

Norske veljarar blir stadig meir liberale i moralske og etiske spørsmål, viser valundersøkinga frå Institutt for samfunnsforskning.

NPK-NTB
Publisert

Trenden er tydeleg i den undersøkinga Institutt for samfunnsforsking gjennomførte etter stortingsvalet i 2021, skriv Vårt Land.

Ved stortingsvalet i 2017 var det så vidt fleirtal – 50 prosent – for at aktiv dødshjelp burde tillatast. Fire år seinare var andelen vakse til 58 prosent.

Påstanden «det bør bli tillatt å bruke surrogatmor for å bere fram eit barn i Noreg» samlar for første gong eit klart fleirtal av veljarane: 56 prosent. Fire år tidlegare støtta 44 prosent tilsvarande utsegn.

Bør aktiv dødshjelp tillatast i Noreg?

Bør aktiv dødshjelp tillatast i Noreg?

Ja17
Nei14
Svar totalt: 31

63 prosent av Høgres og 59 prosent av Aps veljarar er «heilt einig» eller «nokså einig» i at aktiv dødshjelp bør tillatast.

– Valundersøkinga viser påfallande liberale haldningar blant veljarane, og ho viser klare endringar, seier Johannes Bergh, som har leidd valforskingsprogrammet ved Institutt for samfunnsforsking.

Men liberaliseringsbølgja har ikkje nådd KrF-veljarane. Nær halvparten – 49 prosent – meiner at «abort berre bør tillatast dersom livet og helsa til kvinna er i fare». Færre enn ein av fem KrF-veljarar støttar prinsippet om sjølvbestemd abort.

1562 personar er intervjua i undersøkinga.