Framtidas julequizhefte – spørsmål og svar for heile familien!
Last ned spørsmålsarka:
Vil du vera quizmaster for selskapet?
Trykk her for å lasta ned svar-ark som kan printast ut til deltakarane,
medan du les og spelar av spørsmåla du finn nedover i denne saka.
TIPS: Deltakarane kan også få reine kladdeark til å notera hint og spørsmål.
Lukke til!
Fasiten finn du i botnen av saka.
Musikkquiz
Kva heiter songen og artisten? (Spel av dei fyrste 20 sekunda av songane.) 1 poeng for rett tittel, 1 poeng for rett artist.
Frå ordboka
Me har henta fire definisjonar frå ordboka, kva er det dei omtalar?
1 poeng pr. rett svar.
- Høg, sylinderforma, oftast svart hatt trekt med floss av silke.
- Elektronisk maskin som kan arbeide med store mengder data automatisk.
- Blautdyr med tydeleg hovud, fot og innvolssekk av gruppa Gastropoda.
- Samanhefta eller innbundne ark med tekst og/eller bilete på.
Omsett roulette
Denne songteksten har blitt omsett frå norsk til nepalsk til engelsk. Klarer du å finna ut kva song det er?
1 poeng for rett svar.
The Northern Lights burn for peace
You are the friend I want to share this with
When your world becomes mine
And mine will be yours
Give me joy when we are together
Lend me your hand when I’m lost
If I’m cold, you warm me
I am in your presence
Fyll inn
Kva åtte ord manglar i songteksten?
1 poeng pr. ord.
Og vi tenner våre ______ når det mørkner
Og når alle _____ pakkes inn i ____ Ja vi tenner våre ______ når det _______ Kanskje lyser de til _______ si’r ___ ____Anagram
Me har stokka om på desse juleorda. Klarer du å finna ut kva som skjuler seg i desse seks anagramma?
- JIBBE LURE
_ _ _ _ _ _ _ _ _ - JET LUER
_ _ _ _ _ _ _ - KJØPTE TINN
_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ - LJUV TIK
_ _ _ _ _ _ _ - FAS RESIN
_ _ _ _ _ _ _ _ - DANE TV
_ _ _ _ _ _
2022 eller 2023?
Det er ofte litt vanskeleg å hugsa om noko skjedde i år eller i fjor. Kva av desse seks hendingane som skjedde i 2023 og kva som skjedde i 2022?
1 poeng pr. rett svar
- Kroninga av kong Charles
- Lansering av Chat GPT
- Fotball-VM i Qatar
- Kinopremiere på Avatar 2: The Way of Water
- Andrew Tate blei arrestert
- Rishi Sunak blei statsminister i Storbritannia
Bank bank! – kven har lausskjegg på?
Framtida har «nissifisert» fire kjende fjes. Kven skjuler seg bak dei fagre lokkane?
1 poeng for kvar person ein gjettar rett.
Tenn lys! Men kvifor?
Hugsar du kvifor me, ifølgje songen, tenner desse adventslysa?
1 poeng pr. rett svar.
Kvifor tenner me lys fyrste søndag i advent?
a) For denne lille jord
b) For liten og for stor
c) For søster og for bror
Kvifor tenner me lys tredje søndag i advent?
a) For de som trenger oss
b) For Vestby og for Moss
c) For alle som må sloss
Godt og blanda frå 2023
1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt
- Kva heitte ubåten som forsvann i juni?
- Kva heiter den nye pickupen frå Tesla?
- Kor mange monarki er det i Europa i dag?
- Kor mange av monarkane kan du namnet på? 1 poeng pr. monark, 0,5 poeng pr. land
- Kva var den mest innbringande filmen i kvar av desse kategoriane i 2023?
- Animert
- Komedie
- Drama
- Kva heiter nordmannen som sette rekord for å nå dei 14 høgaste fjelltoppane på kortast tid?
- Kven vann femmila i Holmenkollen for kvinner i år?
- Kven er den mest spelte artisten på Spotify i 2023?
- Kven vann Eurovision i 2023?
- Kva parti var størst ved årets kommuneval?
Godt og blanda
1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt
- Kva fem land grenser til Aserbajdsjan? – 1 poeng pr. land
- Kven har forteljarstemma i den norske versjonen av Tre nøtter til Askepott?
- Kven var den fyrste statsministeren i Noreg som vart vald etter tusenårsskiftet?
- Kven var president i USA før Barack Obama?
- Kva er Noregs nasjonalrett?
- Kva dokke kom på marknaden i 1959?
- Kva var den fyrste norske filmen som vann ein Oscar-pris?
- Kva står forkortinga RGB for, når ein snakkar om fargar på skjerm?
- Kva er du redd for om du har dentofobi?
- Kva er det dyraste måleriet som nokosinne er blitt seld?
- Kva er den mest vanlege julemiddagen i Noreg?
- Kva er det nest høgaste fjellet i verda?
Fasit – Musikkquiz
- Queen of Kings – Alessandra
- Fairytale of New York – The Pogues, Kirsty MacColl
- Love Story – Taylor Swift
- Kaleidoskophimmel – Kaizers Orchestra
- I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me) – Whitney Houston
- Svingensongen – Odd Nordstoga
Fasit – Frå ordboka
- Flosshatt
- Datamaskin
- Snigel
- Bok
Omsett roulette
Teksten er henta frå juleklassikaren Se ilden lyse
Fasit – Fyll inn
Og vi tenner våre lykter når det mørkner Og når alle lyder pakkes inn i vatt Ja vi tenner våre lykter når det mørkner Kanskje lyser de til kvelden si’r god natt
Fasit – Anagram
- JIBBE LURE – JULERIBBE
- JET LUER – JULETRE
- KJØPTE TINN – PINNEKJØTT
- LJUV TIK – KVIT JUL
- FAS RESIN – NISSEFAR
- DANE TV – ADVENT
Fasit – Fleip eller fakta?
- Kroninga av kong Charles hendte 6. mai 2023
- Chat GPT vart lansert 30. november 2022
- Fotball-VM i Qatar gjekk frå 20. november til 18. desember 2022
- Avatar 2: The Way of Water hadde Noregspremiere 16. desember 2022
- Andrew Tate blei arrestert 29. desember 2022
- Rishi Sunak blei statsminister 25. oktober 2022
Fasit – lausskjegg
1. Jonas Gahr Støre
2. Erna Solberg
3. Sylvi Listhaug
4. Trygve Slagsvold Vedum
Fasit – Tenn lys
- Kvifor tenner me lys fyrste søndag i advent?
a) For denne lille jord
b) For liten og for stor
c) For søster og for bror - Kvifor tenner me lys tredje søndag i advent?
a) For de som trenger oss
b) For Vestby og for Moss
c) For alle som må sloss
Godt og blanda frå 2023
1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt
- Titan
- Cybertruck
- 12
- Noreg – Harald V, Danmark – Margrethe II, Sverige – Carl XVI Gustaf, Storbritannia – Charles III, Spania – Felipe VI, Nederland – Willem-Alexander, Belgia – Philippe, Andorra – Joan Enric Vives Sicília og Emmanuel Macron, Liechtenstein – Hans Adam II, Monaco – Albert II, Luxembourg – Henri, Vatikanstaten – Pave Frans
- Super Mario Bros: The Movie
- Barbie
- Oppenheimer
- Kristin Harila
- Ragnhild Haga
- Taylor Swift
- Loreen frå Sverige.
- Høgre
Sjå fasit for Godt og blanda frå 2023.
Godt og blanda
1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt
- Georgia, Russland, Iran, Tyrkia og Armenia
- Knut Risan
- Jens Stoltenberg
- George W. Bush
- Fårikål
- Barbie
- Kon-Tiki av Thor Heyerdahl
- Red, green, blue
- Å gå til tannlegen
- Mona Lisa av Leonardo DaVinci (seld for 970 millionar dollar)
- Svineribbe
- K2
Max poengsum: 88