Storfilm under innspeling på Finse

Juliette Binoche er til stades, og andre som skal sikra kalde scenar til filmen «Nobody wants the night».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opptaka er starta, stadfester Vidar Trellevik i VBP Media. Han er linjeprodusent for innspelingane på Finse denne veka, der fjellområdet skal framstå som Grønland for over hundre år sidan.

Trellevik er ansvarleg for alt det praktiske som skal på plass, alt bortsett frå det reint kunstneriske, forklarar han. Ein del av scenane vert spela inn på god avstand frå Finse, andre opptak skal takast nærare stasjonsbyen.

– Filmen er bygd over ei sann historie, der to kvinner er forelska i den same polfararen, Robert Peary.

Spanske Isabel Coixet er regissør for filmen, der det mellom anna vil verta bruk for nærare 40 huskyar, ifylgje Trellevik.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Faktaboks

Juliette Binoche er ein Oscar-vinnande, fransk skodespelarinne fødd i 1964. Les meir her!