DMT: Jødar i Noreg opplever hærverk og truslar mot heimen

Jødiske familiar i Noreg kjenner seg ikkje trygge i eigne heimar, og har opplevd fleire truande hendingar dei siste dagane, ifølgje Det Mosaiske Trossamfund.

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei pressemelding skriv Det Mosaiske Trossamfund (DMT) mellom anna om at jødar i Noreg har fått skore opp barnevognhjul og vorte vekt på natta av nokon som prøvde å opne inngangsdøra.

Ein gut på ungdomsskulen vart trua med at huset hans skulle bli bomba, og ein jødisk deltakar som ville vise solidaritet med sivile offer på begge sider av krigen vart trua og dytta.

– Den grunnleggjande tryggleiken vi alle skal kjenne i våre eigne heimar blir trua som resultat av slike angrep, skriv DMT.

Verste i denne generasjonen

Ifølgje trussamfunnet kjenner jødar i Noreg no effekten av ordskiftet rundt Israel og Palestina på ein måte dei ikkje kan hugse i denne generasjonen.

Det Mosaiske Trossamfund kallar situasjonen «et varsku ikkje berre for vår minoritet, men demokratiet i Norge» og ein direkte trussel mot Noregs vesle og sårbare jødiske minoritet.

Partileiarar reagerer

Framstegsparti-leiar Sylvi Listhaug reagerer på pressemeldinga.

– Det er skremmande at jødar ikkje kjenner seg trygge i Noreg. Det er totalt uakseptabelt at jødar blir prøvd angripe i eigen heim. Eg forventar at den norske regjeringa omgåande set i verk alle tiltak for å sikre både synagogar og den jødiske befolkninga i Noreg, seier Listhaug til NTB.

SV-leiar Kirsti Bergstø seier ho er bekymra over meldingane om at jødar ikkje kjenner seg trygge i Noreg.

– Det kan vi aldri akseptere. Rasisme og hat er splittande og farleg og truar demokratiske verdiar. No er det avgjerande å skilje mellom stat og folk. Jødar kan ikkje og skal ikkje haldast ansvarlege for Israels krigsbrotsverk. Det er Hamas og Israel som er ansvarlege for handlingane sine, ikkje jødar eller palestinarar, seier ho til NTB.