Slik påverkar vêret valdeltakinga
Ved årets kommune- og fylkestingsval er det meldt grått og vått vêr i store delar av landet. Det kan love godt for valoppslutninga, ifølgje forskarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Totalt 4,3 millionar menneske i Noreg kan stemme i årets kommune- og fylkestingsval. Søndag var det framleis sju av ti stemmeføre som ikkje hadde stemt i årets kommune- og fylkestingsval. På sjølve valdagen er det meldt grått vêr over store delar av landet, noko som kan ha noko å seie for valdeltakinga, skal vi tru forskarar.
– Vi ser at folk vel å gjere borgarplikta når det er litt grått i lufta, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til NRK.
Blir vêret blir for fint, går det motsett veg – og det er liten forskjell mellom landsdelane.
Forskjell på sidene
Professor i samfunnsøkonomi Jo Thori Lind har forska på vêr og val, og han har mellom anna sett på norske kommuneval tilbake til 70-talet og fram til 2015. Han har gjort funn som tyder på at flest Høgre-veljarar tek turen til valurnene når paraplyen går opp. Ifølgje Lind tener Arbeidarpartiet og venstresida på opphaldsvêr.
– Ei forklaring kan vere at venstresida i større grad held seg heime når det regnar, medan høgresida i større grad har betre ting å gjere om det er fint vêr, seier Lind.
Grått og vått
For Sør-Noreg har Meteorologisk institutt sendt ut farevarsel for styrtregn fram til 13. Dette gjeld for store delar av Vestlandet sør for Stad og delar av Agder. I tillegg er det sendt ut farevarsel om lyn fram til 14 i store delar av Hordaland, Rogaland, Agder og Telemark.
Elles er det stort sett grått og vått over heile landet.