Oscar til nordmann
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
12 Years a Slave fekk den gjevaste prisen av dei alle under prisutdelinga i natt, og regissør Steve McQueen var tydeleg rørt då han tok i mot den gylne statuetten for beste film. Likevel er det Alfonso Cuaróns Gravity som er den store vinnaren i år, med heile sju prisar av tolv nominasjonar.
Theodor Groeneboom frå Bergen har vore med på å gjera Sandra Bullock og George Clooney til truverdige astronautar i filmen. Bergensaren jobbar i det London-baserte selskapet Framestore, som har hovudansvaret for dei visuelle effektane i «Gravity». Framestore bygde ein spesiell lysboks som er sett saman av LED-panel i ein 360 graders kube. Denne simulerte lys frå jorda og sola. Filmen fekk nettopp Oscar for beste visuelle effektar.
Groeneboom var med på å henta prisen for beste visuelle effekter i Visual Effects Society i Los Angeles.
– Det var ein fin følelse å gå opp på podiet og henta den, sa han til BT.no, men opplyste også at han ikkje skulle til Oscar-utdelinga og heller ikkje kom til å følgja med på TV-skjermen.
LES OGSÅ: Dette er den mest sette filmen i 2013
Beste film
12 Years A Slave
Beste kvinnelege hovudrolle
Cate Blanchett, for Blue Jasmine
Beste mannlege hovudrolle
Matthew McConaughey, for Dallas Buyers Club
Beste regissør
Alfonso Cuaròn for Gravity
Beste mannlege birolle
Jared Leto, for Dallas Buyers Club
Beste kvinnelege birolle
Lupita Nyong’O, 12 Years a Slave
Beste tilrettelagte manus (Adapted screenplay)
12 Years a Slave
Beste originalmanus
Her
Beste dokumentar
20 feet from stardom
Beste kostymedesign
The Great Gatsby – Catherine Martin
Beste produksjonsdesign
The Great Gatsby–Catherine Martin (Production Design); Beverley Dunn (Set Decoration)
Beste makeup og hår
Dallas Buyers Club
Beste visuelle effektar
Gravity
Beste kortfilm
Helium–Anders Walter and Kim Magnusson
Beste animerte kortfilm
Mr. Hublot–Laurent Witz and Alexandre Espigares
Beste kortdokumentar
The Lady in Number 6: Music Saved My Life–Malcolm Clarke and Nicholas Reed
Beste framandspråklege (ikkje-engelskspråklege) film
The Great Beauty (Italia) – Paolo Sorrentino
Beste originalmusikk
Gravity–Steven Price
Beste originalsong
Let it go, Frozen
Beste kinematografi
Gravity, Emmanuel Lubezki
Beste filmredigering
Gravity–Alfonso Cuarón og Mark Sanger
Beste lydmiks
Gravity–Skip Lievsay, Niv Adiri, Christopher Benstead and Chris Munro
Beste lydredigering
Gravity–Glenn Freemantle
QUIZ: Den store bok-blir-film-quizen