Ni av ti oppdrettslaks gjekk i fella

Den unike laksefella i Etneelva har sin effekt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ni av ti laks gjekk i fella

Heile 92 prosent av oppdrettslaksen vart stoppa i laksefella som vart testa ut i Etneelva i fjor, opplyser Havforskingsinsituttet i Bergen. Samstundes som oppdrettslaksen vart stoppa, fekk forskarane unike datasett over mengde, storleik, kjønnsmodning og alder på all fisk som vart undersøkt.

— Resultatet viser at slike feller kan vere eit godt virkemiddel for å få ned mengda oppdrettslaks på villaksen sine gyteplassar, fortel Øystein Skaala som er prosjektleiar og forskar ved Havforskingsinstituttet.

 Føremålet med pilotprosjektet som er eineståande i landet, er å sjå om fella hindrar oppdrettslaksen i å gå opp elva, men forskarane får også nøyaktige data på kor mykje av fisken som er villaks. I tillegg får dei tilgang på detaljerte data på mengde, storleik, aldersfordeling og kjønnsmodning på rømt laks, vill laks og sjøaure. Slike data er heilt nødvendige for å kunne forvalta bestandane av villaks på ein god måte.

— Sidan me no kan registrere om lag kvar einaste fisk som sym opp elva, blir Etne eit viktig nasjonalt referansevassdrag. Opplysningane kan me til dømes bruka til å sjå på kor sto del av laksen som overlever i sjøen, tilvekst, alder og sjølvsagt kor mykje fisk som er i bestanden, seier Skaala i ein artikkel lagt ut på Havforskingsinstituttet si heimeside.

Sannsynlegvis kan fangstteknologien som vert testa i Etnevassdraget, vere til nytte i mange andre vassdrag av middels storleik.

Liten villfisk

Fella var i drift frå 12. april til 24. november i fjor, men hadde i nokre periodar redusert effektivitet.

 Det fins knapt andre vassdrag med så store bestandar av laks og sjøaure der ein i prinsippet kan registrera og analysera kvart einaste individ.

— Ved hjelp av ytre kjenneteikn, registrerte me totalt 1.154 oppvandrande villaks, 922 sjøaurar og 78 oppdrettslaks, fortel Skaala.

Hos villaksen varierte storleiken frå 0,5 til 12,7 kg. Fisken som berre hadde vore éin vinter i sjø var i snitt 1,6 kg med kondisjonsfaktor på 0,90. Fisken som hadde vore to år i sjø hadde snittvekt på 3,6 kg og kondisjon på 0,95, medan laksen som hadde vore tre år i sjø i snitt var 6,3 kg med kondisjon på 1,0.

Kondisjonsfaktor er forholdet mellom vekt og lengde, det er vanleg at den er på rundt 1,0. Er den lågare betyr det at fisken er tynn.

Amerikansk

Fella som er brukt i Etneelva heiter Resistance Board Weir. Den blei installert med midlar frå havbruksnæringa, i samarbeid og med støtte frå forvaltning og det lokale elveeigarlaget. Havforskingsinstituttet har hatt ansvar for å testa den.

Fella blir brukt til overvaking og fangst av gytefisk i vassdrag. Den blei utvikla i USA for 25 år sidan, og testinga i Etne er det utanfor Nord-Amerika. Fella er produsert av Cramer Fish Science, og er eit flyttbart system basert på flyterister som vert plassert ut i elva.

Les saka i Grannar!