Pussy Riot kjem på noregsbesøk

To av dei lauslatne Pussy-Riot-medlemmene kjem til Festspillene i Bergen i mai. Derfrå dreg dei vidare til Oslo med innlagde fengsels- og fjordbesøk på vegen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pussy Riot tl Noreg

Laurdag 24. mai presenterer Maria Aljokhina og Nadezjda Tolokonnikova dokumentarfilmen «Pussy vs. Putin – Russian Riot Grrrls» og snakkar om sitt nye prosjekt under årets festspel.

– Filmskaparane har følgt oss frå den spede starten. Dei er viktige medspelarar i utviklinga av dei politiske og estetiske uttrykka våre. Denne filmen er unik. «Pussy vs. Putin» gir ei objektiv skildring frå innsida. Vi håpar alle som støttar oss kjem og ser, skriv dei to medlemmene i ein e-post til Festspillene.
Veslejulaftan i fjor slapp dei ut av russisk fengsel, der dei sona ein dom på to års fengsel etter å ha protestert i Moskvas hovudkatedral mot president Vladimir Putin og alliansen med den russisk-ortodokse kyrkja.
 
Fengsel og fjordar
Når dei er i Noreg, vil dei fortelje om det nye prosjektet sitt Zona Prava. Dei kjem først til Oslo der dei ønskjer å besøkje fengsel og skal møte Amnesty International. Dei skal også innomNorsk Litteraturfestival på Lillehammer, som vert arrangert frå 20. til 24. mai, før dei kjem til Bergen. Under det omfattande noregsbesøket vil dei også sjå norske fjordar.
– Prosjektet Zona Prava har som mål å slå ned på alt som bedøver og øydelegg menneskefridomen. Vi kjempar for å reformere inhumane fengselssystem. Noreg har eit reformert, verdsleiande fengselssystem som vi vil lære meir om. Derfor blir møtet med eit norsk fengsel viktig for oss, skriv Aljokhina og Tolokonnikova.
Festspeldirektør Anders Beyer er svært glad for at dei har takka ja til invitasjonen, heiter det i ei pressemelding frå Festspillene.
– I år er det grunnlovsjubileum, og Festspillene ønskjer å markere dette ved å diskutere demokrati og identitet. Det vil gå igjen som ein raud tråd i festspelprogrammet. Pussy Riot har kjempa hardt for ytringsfridom og demokratiske verdiar, og det blir interessant å høyre på dei, seier Beyer.
 
Også til Sverige
Allereie i februar vil filmen bli vist i Sverige under Den internasjonale filmfestivalen i Göteborg, som vert arrangert frå 24. januar til 3. februar.