Nordstoga går for app

Odd Nordstogas biletbokdebut «Eg og Pontus går for gull» har no fått sin eigen app. Her les og syng forfattaren sjølv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneboka er no lansert som app til iPhone og iPad, og den kjem til andre mobile løysingar i 2014, melder forlaget Gyldendal.

Om handlinga seier den folkekjære trubaduren:

– Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg klatra opp? Men så blir det ikkje noko av. Eg og Pontus er ikkje som du. Dei tenkjer seg aldri om to gonger. Dei gjer alt det du fann ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Dei gir jernet». (©NPK)