Best i Noreg på kultur
For andre året på rad hamnar Røros kommune på toppen av Norsk kulturindeks.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er dei beste i Noreg på kultur
Røros utmerkjer seg som ein kommune med mange konsertar og som ein kommune med mange kulturtiltak som sentrale styresmakter finn støtteverdige.
På andre plass i indeksen finn vi Ål kommune i Buskerud. Ål har eit svært godt kulturtilbod på dei fleste område, skriv Telemarksforsking, som gjennomfører målinga.
På tredje plass finn vi Nord-Aurdal kommune i Oppland. På dei tre neste plassane finn vi større bykommunar: Lillehammer, Tromsø og Trondheim. Gloppen, som toppa Norsk kulturindeks i 2011, har falle til ein sjuande plass. Bergen hamnar på 10. plass, mens Oslo hamnar på ein delt 11. plass. Blant dei tjue kommunane på topp er Harstad, Førde og Rendalen nye frå 2012.
Norsk kulturindeks rangerer kommunane innan ti ulike kategoriar. Når ein summerer opp tala frå kommunane, finn ein at Sør-Trøndelag er årets kulturfylke, og at Tromsø-regionen (Tromsø, Balsfjord og Karlsøy) er årets kulturregion.
2013 er tredje året Telemarksforsking presenterer Norsk kulturindeks.
Her er førsteplassane innanfor dei 10 kategoriane som blir målt:
Kunstnarar: Nesodden
Kulturarbeidarar: Karasjok
Museum: Nesseby
Konsertar: Træna
Kino: Ski
Bibliotek: Utsira
Scenekunst: Oslo
Kulturskole og DKS: Hamarøy
Sentrale tildelingar: Røros
Frivilligheit: Norddal
LES OGSÅ: Låner flest bøker lengst i vest
Faktaboks
Her er lista over dei 20 øvste plassane på Norsk kulturindeks.
Røros
Ål
Nord-Aurdal
Lillehammer
Tromsø
Trondheim
Gloppen
Vågan
Hamar
Bergen
Oslo kommune
Bø (Telem.)
Kristiansand
Risør
Harstad
Sogndal
Stavanger
Rendalen
Førde
Verdal