Dette er årets mest sette film
Etter berre ti dagar er «Jul i Flåklypa» sett av over 350.000 kinogjengarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årets mest sette på ti dagar
Hausten 2013 har vore laber for norsk film, men så kom nytolkinga av Kjell Aukrust sitt Flåklypa-univers.
LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon
Nest beste opning
Allereie premierehelga fann 138.856 nordmenn vegen til norske kinoar for å sjå «Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa», melder NRK.no.
Det er nest beste opningstal av ein norsk kinofilm gjennom tidene, bak «Kon-Tiki».
Gjensynsgleda for å sjå Solan, Ludvig og Reodor Felgen ville ingen ende ta. På dei ti første dagane har 354.872 nordmenn sett årets animerte julefilm på 180 kinoar landet over. Med det er filmen allereie årets mest sette på norske kinoar, med trygg avstand ned til andreplassen, «Iron Man 3».
– Det er heilt fantastisk og over all forventning, seier produsent Synnøve Hørsdal, til NRK.no.
LES OGSÅ: Satsar på animasjon på Dovre
Fleir frå Flåklypa
Det var ikkje små sko den nye Ludvig og resten av innbyggjarane i Flåklypa hadde å fylle. Ivo Caprino sin «Flåklypa Grand Prix» frå 1975 er tidenes mest sette norske film.
No kan regissør Rasmus Sivertsensog resten av filmteamet puste letta ut, sjølv om pausen kan verte kort. Produsent Hørsdal avslører til NRK.no at teamet allereie planlegg fleire Flåklypa-filmar.
Sjå traileren til filmen i vindauga under.