Tre av ti hatar gym

Idrettsforskar Kjersti Mordal Moen ved Høgskolen i Hedmark åtvarar mot å innføre fleire kroppsøvingstimar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av ti barn og unge seier at dei mislikar eller hatar kroppsøvingsfaget. Det bekymrar Kjersti Mordal Moen, førsteamanuensis i kroppsøving ved Høgskolen i Hedmark.

– Då har ein ikkje oppnådd målet med læringa. Gjennom gymfaget skal ein gi elevane lyst til å vere fysisk aktive i eit livsløpsperspektiv, altså til dei blir vaksne og gamle, seier ho til NRK.

Ho åtvarar skulepolitikarane mot å innføre fleire gymtimar før ein har klart for seg kva ein bør fylle timane med. Ho trur problemet med dagens kroppsøving er at det blir lagt for mykje vekt på dei tradisjonelle idrettane, teknikkar og prestasjonar.

LES OGSÅ: – Aktive born mobbar mindre

– Kroppsøving er eit fag der ein skal utvikle kroppsleg danning, og meistring på sitt nivå, seier Moen. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide med meir gym på skulen? Eller er det meir enn nok?